100% stilling som pedagogisk leiar
Ved Davik oppvekst avdeling Kolset barnehage er der ledig ei 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.08.24.
Davik oppvekst er eit oppvekstsenter med barne- og ungdomsskule. Driftseininga har 2 barnehagar - ei avdeling på Davik, og ei avdeling på Kolset for born i alderen 1 – 6 år. Personalet kan bli brukt fleksibelt mellom dei to avdelingane.
Barnehagen er i stadig utvikling – men ser det som viktig å halde på den gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Vi arbeider målretta i høve språk. Barnehagane i kommunen har eit tett samarbeid med felles kommunale tiltaksmodellar innan PALS og Beste praksis. I fellesskap har vi fokus på å skape eit trygt og godt barnehagemiljø og arbeidar systematisk med å heve kompetansen på dette.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide målretta i høve til barnehagen sitt pedagogiske arbeid og satsingsområde, i samarbeid med resten av personalet, foreldre og andre samarbeidspartar
- Bidra til eit trygt og godt leike,- lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
- I samarbeid med fagleiar ha eit ansvar for oppfølging og leiing av fag, enkeltbarn, barnegrupper og foreldresamarbeid
- Bidra til eit godt samarbeid på oppvekstsenteret, og på tvers av andre tenester
- Ha fokus på fagleg utvikling, rettleiing og dokumentasjon
- Bidra til kompetanseheving og nytenking i barnehagen
Kvalifikasjonar
- Godkjend barnehage-/ førskulelærarutdanning
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode norsk-kunnskapar
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
- Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
- Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
- Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
- Du er fleksibel og løysingsorientert og trivest i ein aktiv kvardag
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå-på vilje
- God pensjonsordning, og heildøgns forsikring
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling
- Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
- Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!
Kontaktinformasjon
Helge Bakke, Driftssjef, +47 95985264Arbeidsstad
Sørsida 256734 Rugsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4795097599
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no