Sjukepleiar 100 % fast stillingRehabiliteringspost, Stord sjukehus
Har du lyst på ein spennande jobb der du får hjelpa pasientar med å gjenvinna funksjon og meistra eige liv og kvardag? Då kan dette vera jobben for deg!
Avdeling for rehabilitering, Helse Fonna (Stord sjukehus) har ledig 100 % fast sjukepleiarstilling frå 20.06.22. Rehabiliteringsposten har 9 plassar for spesialisert døgnrehabilitering. Avdelinga tilbyr utreiing og behandling til pasientar med ulike samansette funksjonsnedsettingar etter sjukdom/ skade. Hovudtyngda er akutt hjerneslag og anna nevrorehabilitering. Rehabiliteringsavdelinga har brei tverrfagleg og høg kompetanse innan fagfeltet. Det tverrfaglege teamet består av ergoterapeut, fysioterapeut, helsefagarbeidar/ hjelpepleiar, legespesialist i fysikalsk medisin, logoped, nevropsykolog og sjukepleiar. Me har også tilgang på ortopediingeniør ved behov. Det tverrfaglege teamet jobbar tett saman for å yta best mogleg rehabilitering til pasientane. Brukarmedverknad vert vektlagd. Denne sjukepleiarstillinga har todelt vaktplan med dag- og aftenvakter, og arbeid kvar tredje helg. Sjekk gjerne vår Instagramprofil "fysmedstord" for å få eit innblikk i den kjekke arbeidskvardagen vår!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg oppfølging av rehabiliteringspasientane
- Fokus på trening i primær ADL, styrka pasienten si eiga meistring og deltaking
- Samarbeid i tverrfagleg team
- Sjukepleiar er koordinator i tverrfagleg team rundt enkeltpasientar (jamfør Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator § 22)
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Fordel med erfaring med rehabilitering, og/ eller arbeid med hjerneslagpasientar
- Fordel med sjukehuserfaring/ erfaring frå spesialisthelsetenesta
- Kommunikasjon er viktig i rehabilitering. Søkjar må kunna norsk språk godt, både munnleg og skriftleg. For søkjarar med anna morsmål, må ein ha bestått norsk språktest.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter
- Kunna arbeida godt i tverrfagleg team
- Kunna arbeida sjølvstendig
- Ha god klinisk vurderingsevne
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Interessant arbeid saman med dyktige og engasjerte kollegaer
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande overeinskomst
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Marianne Hollund Espeland, Seksjonsleiar, 53 49 12 70, marianne.hollund.espeland@helse-fonna.noArbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HFReferansenr.:4519440239
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 20.06.2022
Søknadsfrist: 23.05.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.