Spesialpedagog/pedagogisk psykologisk rådgjevar 100% vikariat - PP-tenesta
Omtale av stillinga
Ved PP-tenesta i Kvinnherad er det ledig 100% vikariat i eit år som spesialpedagog/pedagogisk psykologisk rådgjevar for snarleg tilsetjing.
Arbeidsoppgåver
Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:
- varierte arbeidsoppgåver i samsvar med opplæringslova
- sakkunnig arbeid
- bidra til kompetanse- og organisasjonsutvikling i samarbeid med skule og barnehage
- rådgjeving og rettleiing til skular, barnehagar og foreldre
- tverrfagleg samarbeid med andre hjelpetenester
Kvalifikasjonar
Spesialpedagogisk kompetanse er eit føremonn, men andre med sosialfagleg bakgrunn kan søkje.
Personlege eigenskaper
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på;
- personlege eigenskapar.
- Gode kunnskapar om- og erfaring frå arbeid i grunnskule.
- Utgreiingskompetanse på samansette lærevanskar.
- Kompetanse innanfor feltet utviklingshemmingar og utviklingstraumer.
- Erfaring frå PPT eller anna rettleiing/rådgjevingsteneste er ei føremon.
- Vilje og evne til å initiere og være pådrivar i systematisk utviklingsarbeid i samarbeid med barnehage og skule.
- Søkjarar må kunne arbeide tverrfaglig og sjølvstendig.
- Vi forventar at søkjar har vilje til å auke sin kompetanse innanfor relevante områder og ut frå tenesta sitt behov.
-Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil.
-Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø.
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
Rettleiing.
Løn etter kvalifikasjonar.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.Eining Barn og familie - er ei av 23 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fire avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT og avdeling tiltak og ressursar. Eininga held til i lokalar i Husnes tenestesenter på Husnes.