Miljøarbeidar/assistent helgestilling
Er du ein person som ser muligheter og har godt humør? Ønskjer du ein meiningsfull jobb med personar med utviklingshemmingar?
Vågsmarka bufellesskapa har døgnbemanning. Dei tilsette har ulik fagkompetanse og alderssammensetning.
Me yte praktisk bistand, har fokus på å ivareta ADL ferdigheiter og tenestemottakar sine grunnleggande behov, i tillegg til å legge til rette for sosial deltaking og aktivitet.
I Vågsmarka bufellesskap er me opptatt av å skape eit inkluderende arbeidsmiljø, der alle er med og bidrar. Me yt dei beste tenestene når me me trivast på jobb!
No søkjer me etter ein ny kollega som kan bli ein del av vårt positive team kvar tredje helg, i fast 11 % stilling.
Arbeidsoppgåver
- Gi bistand i alle dagliglivets gjøremål.
- Individuell oppfølging tilpassa brukers behov.
- Samarbeid med fagleiar, pårørende/verge og andre.
- Legemiddelhåndtering.
- Delta i fagmøter og andre kompetanseaukande tiltak.
- Følgje opp miljøpermer og prosedyrar.
- Heilskapleg pleie, omsorg og oppfølging av brukarane.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeidar, eller anna helsefagleg utdanning
- Dersom me ikkje lykkast å rekruttera nok med formal kompetanse, kan assistent bli tilsett.
- Sertifikat kl. B er eit føremon.
- Medisinhandtering er ikkje eit krav, men bonus om du har det.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- God datakunnskap, kjennskap til journalsystemet CosDoc vil vera ein fordel.
- Den som vert tilsett må leggja fram politiattest etter lov om helsepersonell § 20a.
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Personlege eigenskapar
- Profesjonell tilnærming til arbeidet og evne til å anvende kunnskap i praksis.
- Engasjert, ansvarsfull og arbeidar målretta med bebuarintervensjonar og oppfølging av desse.
- Tillitsfull, fleksibel, initiativrik og oppteken av å bidra til godt samarbeid med bebuarar, kollegaer og pårørande.
- Trivast med utfordringar, og er løysingsfokusert.
- Ønskjer å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø.
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Me tilbyr
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver med moglegheit for å påverke og utvikle tenesta.
- Eit tverrfagleg miljø i bufellesskapet, med engasjerte og kjekke kollegaer.
- Løn etter regulativ.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
Kontaktinformasjon
Benedicte Lundevold, Avdelingsleiar Vågsmarka bufellesskap, 475 12 624, benedicte.lundevold@tysnes.kommune.noMargrete Klemmetsby, Einingsleiar open omsorg, 957 09 513
Arbeidssted
Vågsmarka bufellesskap5680 Tysnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Tysnes kommuneReferansenr.:4587341065
Stillingsprosent: 11%
Fast
Søknadsfrist: 11.12.2022
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.