Sjukepleier/Helsesekretær
Ønskjer du ein kjekk og variert arbeidsdag? Då kan dette vere den rette arbeidsplassen for deg!
Laboratoriet i Odda er ein del av avdelinga for laboratoriemedisin i Helse Fonna, og vi treng å styrkja bemanninga på dagtid. Laboratoriet har døgnkontinuerlig drift, men denne stillinga inngår ikkje i turnusordninga. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak bestå av blodprøvetaking av inneliggande og polikliniske pasientar, i tillegg til tapping av blodgivarar.
Vi er ein samansveisa gjeng som likar å ha det kjekt på jobb, og vi ser fram til å få ein ekstra person med på laget.
Høyrest dette interessant ut? Ta kontakt for ein uformell prat eller send inn ein søknad!
Odda ligg i Sørfjorden i Hardanger og er kjend som eit av dei vakraste områda i Noreg. Du finn fotturar i alle kategoriar - Trolltunga er berre eitt eksempel på kva Odda si natur kan tilby. For den som ønskjer andre utfordringar finn du blant anna brevandring, kajakkpadling, sykkelturar, fruktgårdar, museum og festivalar.
Arbeidsoppgåver
- Blodprøvetaking av inneliggande og polikliniske pasienter
- Tapping av blodgivere
- Bruk av enkle pasientnære instrumenter
- Andre oppgåver etter opplæring
Kvalifikasjonar
- Sjukepleier eller helsesekretær med norsk autorisasjon
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
- Er nøyaktig og kan jobba effektivt og systematisk
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er sjølvstendig, ansvarsbevisst, fleksibel og serviceinnstilt
- har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Randi Djønne, Funksjonsleiar, +47 53651123, randi.djonne@helse-fonna.noArbeidsstad
Sjukehusvegen 105750 Odda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4802146674
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2024
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.