Fagarbeidar kokk
Helse, omsorg og velferd, Ørsta kommune
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar kokk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidsoppgåver
Felleskjøkkenet har som oppgåve å lage mat til institusjon og til heimebuande som får mat tilkøyrt gjennom matombringingstenesta.Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk, gjerne med erfaring frå institusjon
- Det er ønskeleg med kompetanse i dataverktøyet olkweb
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar og ha evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skrifleg kommunikasjon.
Personlege eigenskapar
Vi vektlegg at du
- har evne og vilje til å inngå i eit miljø som er levande opptekne av norsk tradisjonskosthald
- er kreativ
- er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
- kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- eit miljø som er oppteken av norsk tadisjonskost
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Arbeidsvilkår: f.t. dagtid med arbeid kvar 4. helg.
Stillinga er plassert i Hovudtariffavtalen ( HTA) kap. 4GR 1.2 Fagarbeidar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Silje Solhaug, Avd.leiar Felleskjøkkenet, 476 59 833, silje.solhaug@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4797356964
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.05.2024
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2625372
- Sist endret
5. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dc211cbec913477daaed8b1d146279b7