Stovevakt, ein sommarjobb for deg under 18 år
Samnanger kommune
Tyssevegen 97, 5650 Tysse, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Stovvakt, ein sommarjobb for deg under 18 år
Type ansettelse
Feriejobb, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
8
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. mars
Om stillinga
Er du mellom 15 og 18 år og har lyst på ein meiningsfull og spanande sommarjobb?
Er du glad i eldre mennesker og vil vere med til å bidra til å gje dei omsorgsfulle og trygge dagar?
Me søkjer ungdom til stovevakter i sommar, i vekene 26 - 32. Du vil få opplæring.
Arbeidsstad er Samnangerheimen og Skottabakken
Arbeidsoppgåver
- Vere sosial saman med pasientar
- Aktivitetar som: Sykeltur, gå på tur, prate, lese ei bok for pasientar, sjå film saman, spele kort, høyre på musikk, danse, steike vaflar og anna som kan gje pasientane auka livskvalitet.
- Enkle oppgåver i avdelinga, som eksempelvis å hjelpe til på kjøkken, rydding og andre enkle oppgåver du blir tildelt
Kvalifikasjonar
Krav- Du må vere fylt 15 år innan juni 2025
- Du bør helst vere busatt i Samnanger kommune
- Glad i å arbeida med mennesker
- Godkjent politiattest må leggjast fram
Personlege eigenskapar
- Du må lika å vere sosial og våga å ta initiativ
- Kunne ta imot og følgje instruksjonar
- Ønskje om å ta ansvar og likar å samarbeida
- Glad i å arbeida med mennesker
Me tilbyr
- Ein verdifull sommarjobb, saman med kjekke kollegaer og pasientar
- Rettleiing og støtte undervegs
- Arbeidserfaring og kjennskap til pleie og omsorg i Samnanger kommune
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn i tråd med tariffavtaleverk
- Tenestebevis for arbeidet
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Om oss
Samnangerheimen og heimetenesta har integrerte tenester og ein jobbar både inne på Samnangerheimen og ute i heimetenesta. Ikkje berre får tilsette ulike arbeidsoppgåver og får avveksling i arbeidsdagen, men pasientane får tryggleik i å kjenna tilsette, uavhengig om dei er i egen heim eller kjem inn på Samnangerheimen.
Samnangerheimen er ein flott sjukeheim med 25 plassar og ligg i fine omgivelsa på Haga med utsikt utover Samnangerfjorden. Målsetjinga vår er at Samnangerheimen skal vera ei plass der det er godt å bu og saman jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.
I tillegg til langtidsplassar har Samnangerheimen som oppgåve å ta imot utskrivingsklare pasientar til korttidsopphald, rehabilitering, avlasting og palliativ pleie. Samnangerheimen har god fagdekning og høg kompetanse. Har eige produksjonskjøkken og me har stor fokus på det gode måltid og ernæring.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV, PPT og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.
Sektor
Offentlig