Avdelingsleiar til Strandebarm skule
Strandebarm skule
Tangeråsneset 35, 5630 Strandebarm
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar Strandebarm skule
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
ER DU VÅR NYE ENGASJERTE AVDELINGSLEIAR?
Frå hausten treng me ny avdelingsleiar til Strandebarm skule.
Dette er ei fast stilling, som har oppstart 01.08.2024. Strandebarm skule ligg plassert i vakre omgjevnader på Tangeråsneset i Hardanger, og har frå hausten 131 kjekke elevar som kjem frå Mundheim til Tørvikbygd. På barnetrinnet kjem me til å vere 77 elevar, mens 54 elevar går på ungdomstrinnet. Visjonen vår er Saman er me sterke.
Det er rektor og to avdelingsleiarar som er leiarteamet ved skulen. Rektor har ansvar for den totale drifta pedagogisk, administrativt og økonomisk, medan avdelingsleiarane er fag- og personalleiarar for kvar si avdeling. Det er eit positivt arbeids- og samarbeidsmiljø på skulen, med god delingskultur og humørfylte kollega. Dei tilsette har høg fagleg kompetanse og god samarbeidskultur. Variasjon i undervisning og arbeidsmåtar, gode relasjonar og inkluderande klasseleiing er viktig i Kvammaskulen.
Alle skulane i Kvam har støttesystem som gjev rask hjelp til elevar når behov dukkar opp. Skulen har eit aktivt og engasjert elevråd og foreldregruppe som støttar opp om eit trygt og godt skulemiljø.Utviklingsområde skulen har fokus på: Implementering av ny læreplan, BTI (Betre tverrfagleg innsats),VFL (vurdering for læring) ,LP (læringsmiljø og pedagogisk analyse) og Udir si oppfølgingsordning med trygt og godt skulemiljø, ordinær og inkluderande undervisning og leiarstøtte som fokusområde.
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar vil du:
- *ha oppgåver som inneber fag- og personalansvar i skulen sitt leiarteam
* vidareutvikla ein trygg og god skule, med eit inkluderande læringsmiljø for elevane
* leia, motivera og utvikla eit profesjonelt læringsfellesskap som støttar og utfordrar
* bruka forskingsbasert kunnskap og skapa engasjement om felles mål i tråd med LK 20
* leggja til rette for at lærar/fagarbeidarar vert tildelt oppgåver ut frå kompetanse slik at læringsutbytet for kvar elev aukar
* prioritera mellom mange arbeidsoppgåver og møta det uforutsette med ro, tryggleik og godt humør
* støtta rektor i å driva skulen i tråd med vedtekne rammer, politiske og administrative vedtak og lovverk
* involvera og samarbeida med elevar, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
* godkjent pedagogisk utdanning for barneskule jf. forskrift til opplæringslova § 14-3
* digital kompetanse og interesse for digital utvikling av skulen
* erfaring frå undervisning på 5-10 trinn er ei føremon
* skuleleiarerfaring og/eller nasjonal skuleleiarutdanning er ei føremon
Ved nytilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden.
Personlege eigenskapar
Me legg vekt på personlege eigenskapar som:
* gode relasjons- og samarbeidsevner
* at du er trygg, tydeleg, strukturert og systematisk
* at du har evne til å inspirera, rettleia, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
* gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
* engasjement og fleksibilitet
* at du evnar å arbeida systemretta, sjå heilskapen og utvikla Kvammaskulen i tråd med lovverk, læreplanar og politiske føringar
Vi tilbyr
* eit godt arbeidsmiljø og teamkultur* leiarsamlingar med alle 80 leiararane i kommunen
* systemretta utvikling av skulen med vekt på kollektiv kapasitet
* spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
* løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
* gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Camilla Støen Bakke, Rektor Strandebarm skule, +47 950 01 894Arbeidsstad
Tangeråsneset 355630 Strandebarm
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4796315134
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 23.04.2024
Om bedriften
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand. Les meir
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2615567
- Sist endret
24. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
88648a68a2db4451b04738bc196bffb9