Konsulent
Valle kommune
Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Konsulent
Oppstart
1. mars 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 40%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. januar
Velkomstsenteret har ledig eit 2-års vikariat i 40% frå 01.03.2025 - 31.12.2026. Velkomstsenteret har ansvar for mykje av fellestenestene i kommunen som mellom anna post, arkiv, fakturering og politisk sekretariat. I tillegg utfører vi også ein del administrative tenester både internt og eksternt.
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for produksjon av bygdenytt
- Ansvarleg for Valle kommune sine SoMe kanalar
- Koordinator for ungdomsrådet
- Møtesektetær for ungdomsråd, eldreråd og rådet for personar med funksjonsnedsetting
- Sakshandsaming etter behov
Det kan bli behov for endring i arbeidsoppgåvene.
Kvalifikasjonar
- Relevant bachelor
- God skriftleg framstillingsevne
- Må kunne skrive på nynorsk
- Erfaring frå kommunal forvaltning
- Må vere interessert i og kunne bruke SoMe
Personlige eigenskapar
- Må vere sjølvstendig og jobbe godt i team
- Løysingsorientert
- Nysgjerrig på nye løysingar og system
- Må like ein hektisk arbeidskvardag med varierte oppgåver og fristar
Vi tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Løn i samsvar med tariff
- Bedriftsleiligheit i Kristiansand
- Barnehage og SFO-tilbod med vekt på fysisk aktivitet, leseglede og kulturarven vår.
- Full kulturskuledekning
- Vakker natur med mange høve for friluftsliv til alle årstider
- Ei triveleg bygd å bu i
- CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
- Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Gunn Marith Homme, leiar, 91837000, gunn.marith.homme@valle.kommune.noArbeidssted
Kjellebergsvegen 14747 VALLE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Valle kommuneReferansenr.: 4906562211
Stillingsprosent: 40%
Vikar
Startdato: 01.03.2025
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 26.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2833342
- Hentet fra
talentech
- Referanse
83bb8cbfa509402888f4407191cd0f1f