Sjukepleiar, 80% fast
Ledig fast 80% stilling for Sjukepleiar i institusjon, demensomsorg
Arbeidsoppgåver
Sjukepleiaroppgåver i insitiusjon innan demensomsorg
kompetanse:
Sjukepleiar med autorisasjon.
Fordel med vidareutdanning og/ eller erfaring innan demensomsorg, men ikkje eit krav.
Gode datakunnskap
Gode norskkunnskap både munnlege og skriftleg
Personlege eigenskapar
Me søker deg som kan arbeida både i team og sjølvstendig.
Har fagleg innsikt og tryggleik
Har godt humør og god kommunikasjonsevne.
Er flexibel og stor arbeidskapasitet.
Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetjing
Annan informasjon
Me kan tilby eit godt arbeidsmiljø med stabilt personale. Me har eit flott nybygd moderne omsorgssenter i Etne, der bruk av teknologi er ein del av tenesta.
Faglege utfordringar.
Forhandlingsturnus.
4 veker samahengande ferie i sommer.
25.000 over tarifflønn
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje
Om bedriften
Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.