Fagarbeidar på grøntanlegg og veg
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Eid kommune har ledig 100% fast stilling som fagarbeidar i nyoppretta eining for kommunalteknikk.
Eining for kommunalteknikk har ansvaret for kommunale vegar, vatn, avløp og grøntareal. Eininga vil frå 01.01.2020 ha ansvaret for desse fagområda i heile Stad kommune og vil ha om lag 16 årsverk.
Kommunen har per i dag ansvaret for mange grøntanlegg og krava til standard er aukande. I sommarhalvåret vil arbeidet i hovudsak vere knytt til forvaltning av grøntareal i kommunen. Utanfor grøntsesongen vil den tilsette bidra med vedlikehald av veg, inkludert brøytevakt. Den som vert tilsett må rekne med å bidra til å løyse alle arbeidsoppgåver i eininga.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av kommunen sine vegar og grøntanlegg
- Større og mindre nyanlegg og tiltak innan grønt og veg
- Vaktordning innan snøbrøyting
Kvalifikasjonar
- Har fagbrev som til dømes anleggsgartnar, agronom eller anna relevant fagbrev.
- Erfaring kan kompansere for manglande utdanning. Dess meir relevant og variert erfaring, dess betre!
- Har interesse og engasjement for velstelte grøntanlegg og gode vegar
- Har sertifikat for traktor og bil med hengar. Gjerne maskinførarbevis for køyretøy som t.d. lastebil, hjullastar og gravemaskin.
- Er god på å finne løysingar ¿ anten det er tre som også skal fellast eller asfalt som skal reparerast. Kan du bruke hammar og sag er det ein fordel!
- Har initiativ, er lagarbeidar, men samstundes evnar til å jobbe sjølvstendig
- Er god til å kommunisere skiftleg, men like viktig er vere god til å kommuniserer med alle dei folka ein møter. I denne jobben er ein kommunen sitt ansikt utdad!
Vi kan tilby
- Godt og nært fagleg samarbeid i ei nyskapande og engasjert kommune
- Eit godt arbeidsmiljø og ein svært variert arbeidsdag
- Moglegheit for kompetanseheving innan grønt og veg
- Løn etter kommunale vilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Eid kommune har 6 månader prøvetid.
For meir informasjon, ta gjerne kontakt med einingsleiar Hans Peter Eidseflot på tlf. 90 85 36 34 eller arbeidsleiar Per Bøen, tlf 90 20 39 54.
Du søkjer ved å bruke lenkje som du finn i denne annonsen. Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Søknadsfrist er 9. juni 2019.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Hans Peter Eidseflot, Mobil 90853634, Epost: hans.eidseflot@eid.kommune.no
Om bedriften
Eid kommune har om lag 6000 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Innanfor ein time finn du ein bu-, arbeids-, og serviceregion med 40.000 - 50.000 menneske. Kommunesenteret Nordfjordeid har alt du treng i eit kompakt og særmerkt tettstadmiljø. Eid er ein veldriven kommune med full barnehagedekning og er i landstoppen i skule. Kommunen har ledige bustadtomter, nytt omsorgsenter, fleirbrukshall og park med badeanlegg. Eid er stolt vertskommune for Malakoff rockfestival og Opera Nordfjord. I Eid vil du møte eit lokalsamfunn som skil seg ut frå hopen. Eid er stort nok til å gi deg rom og leve ut draumane dine, og lite nok til å sjå deg og ta vare på deg.