Bustadkoordinator bygg 100%
Omtale av stillinga
Stillinga omfattar dagleg drift og vedlikehald av Kvinnherad kommune sine kommunale utleigebustadar.
Arbeidsoppgåver
Du vil få spanande, varierte og praktiske arbeidsoppgåver, innanfor ulike fagfelt. Desse skal løysast gjennom
sjølvstendig arbeid eller i samhandling med dyktige kollegaer i eit tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø.
Stillinga går ut på:
Sikre at ledige leilegheiter, på en kostnadseffektiv måte, vert sett i teknisk og funksjonell stand for vidare utleige.
Tett oppfølging av leigetakaren .
Kontinuerleg vurdering av vedlikehaldsbehov på utleigebustadar (tilstandsanalyse).
Bestilling av oppdrag ved rammeavtalar mot leverandørar.
Kontroll- og kvalitetsoppfølging under arbeid.
Overtaking og kontroll av ferdigstilte arbeid.
Overlevering til forvaltar ved ferdigstilling av bueiningar.
Svara på skriftlege og munnlege henvendingar om leigeforholdet, i samarbeid med bustadforvaltar.
Dokumentera arbeid i den enkelte bueininga i Famac-systemet.
Følgja opp leigetakarane med opplæring i korleis ein bur.
Rapportering.
Kvalifikasjonar
Det er ynskjeleg med gjennomført Teknisk Fagskule bygg og anlegg eller fagbrev innan relevante tekniske fag. Lang og relevant erfaring kan i spesielle tilfelle vege opp for fagbrev.
Det er viktig at du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og at du samstundes kan arbeida sjølvstendig,
systematisk og ansvarsbevisst.
Gode datakunnskapar er ynskjeleg, samt god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
Du må ha førarkort på bil.
Relevant erfaring og personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt i tillegg til fagkompetanse.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).
Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje
skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta
offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje
søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her