Dirigent for barnekoret - Kulturskulen
Org. nr: 961 382 246 Stillingsident: 4193334093 Presentasjon av stillingen:
Vang kulturskule har ledig stilling som lærar/dirigent for vårt barnekor i 2,99 % stilling, frå 1.august 2020
Arbeidsoppgåver
Me ynskjer ein lærar for barnekoret som kan engasjere ungane, utvikle dei musikalsk, lære dei å vere inkluderande og stimulere dei til å gå vidare på eit fag i kulturskulen.
Dersom kandidaten har kvalifikasjonar i andre kulturskulefag kan det vere aktuelt med andre fag i kulturskulen.
Kvalifikasjonar
- Relevant 3 årig høgskuleutdanning
- Søkjarar utan formalkompetanse, men med god realkompetanse kan vurderast
- Gode samarbeidsevner
- Motivert, engasjert og omgjengelig
Personlig eignaheit vil bli vektlagt. Stillinga krev godkjent politiattest.
Me tilbyr
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov -- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Kontaktinformasjon
Oddbjørn Skeie, Rektor kulturskule, 61369423, oddbjorn.skeie@vang.kommune.no
Arbeidssted
Tyinvegen 5035
2975 Vang i Valdres
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vang Kommune
Referansenr.:4193334093
Stillingsprosent: 2,99%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
<> er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tilleg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarvheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og alle den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte. Det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.