Sekretær ved Nedre-Ål skule
Er du eit ordensmenneske med gode IKT-ferdigheiter? Då har me bruk for deg!
Frå 1. august har me ledig 60% stilling som sekretær ved Nedre-Ål skule. Det er ynskjeleg å fordele arbeidstida over fire kortare dagar.
Nedre-Ål skule er ei barneskule med om lag 220 elevar på 1.-7. trinn. I tillegg til rektor, er det to avdelingsleiarar i 80% kvar. Som sekretær vil du også samarbeide med SFO-leiar og spes.ped-koordinator. Me har ca. 50 lærarar, fagarbeidarar og miljørettleiarar.
Arbeidsoppgåver
- sentralbord og resepsjon
- sørvis til elevar, tilsette og føresette etter behov
- bidra til god orden, rutinar og system på skulen
- innkjøp, fakturahandsaming og timelister
- organisering og oppfølging av skuleskyss
- innskriving til 1. trinn og SFO-opptak
- arkivering
- post og sakshandsaming
- andre oppgåver etter avtale med leiinga
Kvalifikasjonar
- gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg
- god digital kompetanse - grunnleggande bruk av Office-programvare, og lett for å tileigne seg nye program og system
- relevant erfaring er ønskeleg, men ikkje naudsynt
Personlege eigenskapar
- godt humør
- strukturert og nøyaktig
- gode samarbeids – og kommunikasjonsevner
- fleksibilitet og evne til å jobbe i ein travel skulekvardag
Me tilbyr
- gode kollegaer
- ein meiningsfull kvardag
- mange tilbod i kommunen innan kultur – og idrett for både små og store
- løn etter avtale, arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
- pensjonsordning i KLP
Send søknad
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- dei som blir tilsette må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar, ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. "Betre læring" er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren.
Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!
Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!