Tilkallingsvikarar
Legetenesta
Mostravegen 546, 5440 Mosterhamn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikarar
Type ansettelse
Annet, deltid
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. mars
Ynskjer du å gjera ein skilnad i kvardagen til våre pasientar?
Legetenesta i Bømlo kommune søkjer etter tilkallingsvikarar for hjelpepersonell. Det er ønskjeleg med snarleg tiltreding og søknader vert behandla fortløpande.
Klikk her for meir informasjon om legetenesta og legekontora i Bømlo kommune.Arbeidsoppgåver
Som tilkallingsvikar vil du delta i mange av dei daglege oppgåvene på eit legekontor, blant anna:
- Arbeid i resepsjon med å besvare telefoner og e-kontakt.
- Laboratoriumarbeid med blodprøvetaking.
- Skadestovearbeid med bl.a. injeksjoner, EKG-taking og sårbehandling.
Me kan lova ein spanande og variert arbeidskvardag. Du vil få introduksjon/opplæring, med høve for læring og utvikling.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Om Legetenesta
Legetenesta i Bømlo kommune er desentralisert og har i dag 15 legar fordelt på 3 kontor.
Øyane Helsehamn, Bremnes
Moster legesenter, Moster
Bømlo legekontor, Langevåg
Kontora er godt utstyrt og har stabil hjelpepersonelldekning med sjukepleiarar, bioingeniørar og helsesekretærar.
Målet med legetenesta i Bømlo kommune er å sikre befolkninga ei fagleg god og stabil legeteneste.
Kvalifikasjonar
- Me søkjer etter sjukepleiar, bioingeniør, helsesekretær eller studentar innan desse fagområda, samt legestudentar.
- For arbeid i legetenesta må du ha fylt 18 år.
- Ein må vera villig til å arbeide ved ulike kontor.
- Førarkort er ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Du er positiv og engasjert.
- Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
- Du er påliteleg og ansvarsfull.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
- Du handterar ein travel arbeidskvardag.
Me tilbyr
- Ein arbeidskvardag i moderne og gode lokaler.
- Spanande tenester med høve for opplæring og utvikling.
- Inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Anna informasjon
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdsleiar Monica Tofte Amundsen.
Kontaktinformasjon
Monica Tofte Amundsen, monica.tofte.amundsen@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Bømlo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4924292197
Stillingsprosent: 100%
Fast
Kontaktperson for stillingen
Monica Tofte Amundsen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2864852
- Hentet fra
talentech
- Referanse
41645a4a44ae4f24bd6a9b6cc7a4f5eb