Psykolog / terapeut - Nordfjord psykiatrisenter, seksjon Dag
Nordfjord psykiatrisenter, seksjon Dag har ledig 100% fast og 100% vikariat for psykolog eller terapeut med høgskuleutdanning og relevant vidareutdanning.
Vi yt tenester til personar med ulike psykiske lidingar og rusproblematikk. For å kunne gje eit best mogleg tilbod, legg vi vekt på å ha tilsette med ulik formell kompetanse og erfaring.
Nordfjord psykiatrisenter har tre seksjoner, døgn, rus og dag. Seksjon dag består av to team, allmennpsykiatrisk team og ambulant team med tilsaman ca 20 tilsette.
Fast stilling og vikariat : oppstart etter avtale
Ber om at det blir opplyst i søknad kva stilling de søkjer på.
Arbeidsoppgåver
- Vurdering, utredning og diagnostisering av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit
- Behandling ut fra den einskilde pasient sine behov
- Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta
- Samhandling med pårørende
- Psykologar er saman med legane med i tilsynsordninga for somatiske avdelingar ved Nordfjord sjukehus
- Ein må rekne med reiseverksemd og ambulant arbeid.
- Stillinga inngår i ei vaktordning med arbeid på dag/kveld og heimevakter (gjeld ikkje psykologar).
Kvalifikasjonar
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Søkarar utanfor skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Psykolog eller psykolog med lisens
- 3 årig relevant høgskuleutdanning og vidareutdanning/ master innan rus/ psykisk helsearbeid eller tilsvarande
- Klinisk erfaring og/ eller interesse for for arbeid med psykiske lidingar
- Etterutdanning innan metode/ terapi
- Førarkort klasse B
- Eigenerklæring om vaksinasjon- immunitestilhøve, tuberkuloseundersøking og MRSA- testing må fyllast ut ved tilsetting.
Utdanningsretning
- Sosionom
- Helsefag
- Psykologi
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
- Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad
- Høyskole / Universitet, Hovedfag / Mastergrad
Personlege Eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Evne til å skape gode relasjonar
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel og evne til å vere løysingsfokusert
- Evne til å prioriter oppgaver i en hektisk kvardag
- Lyst til å utvikle deg saman med oss
- Personleg eigna
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Gode mulegheiter for fagleg utvikling
- Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
- Trivelig arbeidsmiljø.
- For ikkje- spesialister vert det lagt tilrette for å fullføre spesialisering
Andre opplysningar
- Noe reisevirksomhet må påregnes
Kontaktinformasjon
May Kristin Sæther, Seksjonsleiar, (+47) 901 17 856
Arbeidsstad
Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Førde
Ref. nr.:4016123000
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid, Vikariat heltid
Tal på stillingar: 2
Søknadsfrist: 03.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4016123000&company_id=57830203&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,9 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.