ID 2262 Sjukeheimslege - Stord sjukeheim / Knutsaåsen omsorgssenter
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukeheimslege
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. januar
Me søkjer deg som har interesse og erfaring innan fagområde geriatri. Legar i spesialisering er også velkomne til å søkja. Sjukeheimslegen jobbar i team med andre sjukeheimslegar og har ansvar for pasientar i både kort- og langtidsavdelingar.
Stillinga er for tida delt mellom Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter.
Arbeidsoppgåver-
Medisinsk oppfølging av pasientar i sjukeheim
-
Rådgjeving og rettleiing av helsepersonell i tenesta - medisinskfagleg rådgjevar for sjukeheimstenesta
-
Tverrfagleg samarbeid. Samhandling med sjukehus, fastlegar og andre faggrupper
-
Bidra i kvalitets- og utviklingsarbeid i sjukeheimstenest
-
Delta i fagutvikling og væra pådrivar for kvalitetsutvikling i tenesta, herunder forsvarleg medisinering.
-
Vegleiing, undervisning og informasjon til pasientar, pårørande og kollegaer samt pårørandesamtalar.
-
Norsk autorisasjon som lege
-
Lege med gjennomført LIS1. Lege med lisens som har interesse og erfaring frå fagfeltet kan bli vurdert
-
God norsk muntleg og skriftleg fremstillingsevn
-
Det må leggjast fram godkjent politiattest av nyare dato.
-
Kjennskap og interesse for fagområdet
-
Evne til å setje seg inn ulike pasientgrupper som bur på sjukeheim
-
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Me legg vekt på gode referansar som gjeld fagleg dugleik og personlege eigenskapar i høve samarbeid og relasjonskompetanse.
-
Lojalitet i avgjerdsprosessar vert forventa.
-
God norsk språkutøving og kulturforståing er viktig
-
Me kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit fagleg godt tilbod til pasientar og tilsette.
-
Løns- og arbeidsvilkår etter avtale.
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsettingstidspunkt etter avtale.
For nærare opplysningar, kontakt kommunalsjef Anne Karin Fossdal, på e-post: anne.karin.fossdal@stord.kommmune.no , telefon 907 62 789
Eller aktuelle einingsleiarar:
Stord sjukeheim: Britt Nelly Hystad Barane på e-post: Britt.Nelly.Hystad.Barane@stord.kommune.no, telefon 924 86 358
Knutsaåsen omsorgssenter: Kristin Steinsland på e-post Kristin.Steinsland@stord.kommune.no, telefon 416 94 266
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateken frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland fylke med nær 19 000 innbyggjarar. Stord er kommunikasjonssenter og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Kommunen er landfast sørover med Trekantsambandet, og arbeider aktivt for å realisera ferjefritt samband mot nord via Hordfast. Stord er regionsenter med godt utbygd tenestetilbod og sjukehus. Her er flyplass med daglege avgangar til Oslo. Kommunen er skulesenter med vidaregåande skular, allmennlærarutdanning, førskulelærarutdanning, sjukepleiarutdanning og ingeniørutdanning. Stord har eit rikt kulturliv med eit mangfald av lag og organisasjonar. Det er gode vilkår for sport og friluftsliv i kommunen.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2809942
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
f3892438-3d13-4cf6-82ba-b03fc35f5a43