Er du vår nye sjukepleiar?
Velkomen som søkjar til eit triveleg arbeidsmiljø og ein spennande arbeidsplass.
Ved ortopedisk poliklinikk/post utreder vi og behandlar sjukdom og skade i kroppen sitt bevegelsesapparat. Her møter du legar, sjukepleiarar og helsesekretærar.
Vi er samlokalisert med andre kirurgiske poliklinikkar (uro, gastro,kar/generell poliklinikk) som gjer at vi har eit stort og sosialt arbeidsmiljø.
Vi har ledig stilling frå 01.09.24, fortrinnsvis dagtid, men helgeturnus kan bli aktuelt. Søk hjå oss og bli ein del av laget!
Arbeidsoppgåver
- Klinisk sjukepleie
- Bistå leger i poliklinikk
- Pasientadministrative arbeidsoppgåver
- Oppfølgning av studenter
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det er ønskjeleg med gode kunnskaper om fagområda i avdelinga.
- Erfaring fra poliklinisk arbeid som f.eks gipsing, sårbehandling vil bli vektlagt.
- Gode datakunnskaper
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Personlege eigenskaper blir vektlagd.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- har fagleg innsikt
- er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig
- har gode samarbeidsevner
- liker utfordringar og taklar travle arbeidsdagar
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Kari Elisabeth Heggland,, Funksjonsleiar, +47 52732450Arbeidsstad
karmsundsgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4802028952
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.05.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.