Dagleg leiar for SumTrans
Sunnfjord Miljøverk IKS
Kloppstadvegen 310, 6815 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Dagleg leiar for SumTrans
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du vår nye dagleg leiar?
Vi søker deg som vil sitte i førarsetet og leie eit transportsselskap på riktig veg. Er du glad i folk og god på strategi, vil vi gjerne høyre ifrå deg. Som dagleg leiar i SumTrans vil du ha ei viktig rolle i samspelet mellom oss og Sunnfjord Miljøverk. Er du klar til å ta styringa?
Kven er du?
Du er ein person med trygg og klar leiarstil. Du må trivast med å jobbe sjølvstendig og effektivt, og like å komme opp med gode og gjennomtenkte løysingar.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for dagleg drift
- Optimalisere SUM og SumTrans sine logistikktenestar
- Sikre god informasjonsflyt mellom SUM og SumTrans
- Samarbeide tett med avdelingar og eksterne partar/leverandørar
- HMS- og personalansvar
- Ansvar for risikovurdering og sikre gode prosessar rundt det
- Ansvar for oppfølging og implementering av vedtekne risikoreduserande tiltak
- Du vil vere ein del av leiargruppa til Sunnfjord Miljøverk
Kvalifikasjonar
- Gode leiareigenskapar med evne til å engasjere, motivere og rettleie
- Relevant utdanning og/eller erfaring innan logistikk- og økonomifag
- Det er ein fordel med erfaring frå transport- og logistikkbransjen
- Du tek eigarskap til oppgåver og evner til å sjå moglegheiter
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode it-kunnskapar
Vi tilbyr
- Trygg jobb i ein bransje i utvikling, og ein arbeidsplass i vekst
- Konkurransedyktige vilkår og KLP-pensjon
- Kompetanseheving: deltaking på kurs og konferansar, nettverksbygging og moglegheit til å hospitere hos andre renovasjonsselskap
Lurer du på korleis det er å jobbe i Sunnfjord Miljøverk?
Les om Lennart og Karoline som fekk draumejobben hos oss!
Om bedriften
Sunnfjord Miljøverk (SUM) og dotterselskapet SumTrans, skal vi sikre gode avfallsløysingar i Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Sunnfjord kommune. Akkurat no er det 18 sjåførar som held hjula i gong på SumTrans, og 23 tilsette som jobbar innan drift, renovasjon, økonomi, HR og kommunikasjon hos SUM.
Hovudanlegget ligg på Einestølen (mellom Førde og Naustdal). I tillegg har vi fem ytre gjenvinningsstasjonar. Både SUM og SumTrans har kontorlokaler i Førde sentrum.
Samspelet mellom selskapa er viktig. Saman skal vi samle inn avfallet i kommunane, og sørge for at det vert sortert og handtert riktig slik at mest mogleg blir gjenvunne og får ny verdi.
Slagordet «avfall på rett veg» underbygger dette. Vi hentar avfall i alle krinkar og krokar, og sørger for at det hamnar på riktig stad til slutt. Målet er å redusere den totale avfallsmengden for å nå EU sine klimamål. Vi får stadig nye krav og retningslinjer som vi må forhalde oss til. Det betyr at vi heile tida må tenke nytt og finne smarte og gode løysingar for å imøtekomme desse krava. Derfor kan vi trygt seie at vi har ein interessant og utviklande arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted