Miljøterapeut
Org. nr: - Stillingsident: 4046283065 Presentasjon av stillingen:
Ringstad skule med omlag 265 elevar ligg i kommunesenteret Stranda og er ein 1. - 7. skule med to parallellar og SFO.
Skulen har 26 undervisningsstillingar1 miljøterapeut og 5 stillingar for barne. og ungdomsarbeidar. For tida nyttar 85 born "Firkløveren" skulefritidsordning som har dagleg leiar og 4 assistentar, med til saman 3,5 stillingar dette året.
Vi har ledig:
- 100% fast stilling som miljøterapeut frå 01.08.2019.
- 70% fast stilling som miljøterapeut frå 01.08.2019
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Det må gå klart fram av søknaden kva stilling ein søkjer på.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato ihht § 10-9 i Opplæringslova.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort, jf Offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide med sosial kompetanse hjå elevane
- Følge opp einskildelevar
- Samarbeid med skulen sin helsesjukepleiar
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskuleutdanning, t.d. barnehagelærar, sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog
- Må beherske norsk skriflteg og munnleg
- Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan søkjarar med anna relevant utanning og/eller erfaring verte vurdert for midlertidig tilsetting
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, ansvarleg og fleksibel
- Gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt samarbeidsmiljø, både i forhold til elevar og tilsette
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt og oppegåande fagleg og sosialt miljø mellom dei tilsette
- Ivrige og trivelege elevar
- Du får vere med påverke din eigen arbeidskvardag, fagleg og sosialt
Kontaktinformasjon
Bjørn Helge Nygård, Rektor, (+47) 46411106
Hans Øyvind Lyshaug, Inspektør, 46411107
Arbeidsstad
Bygdavegen
6200 Stranda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stranda kommune
Referansenummer:4046283065
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.08.2019
Søknadsfrist: 05.04.2019
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir