Avdelingsleiar ved Vigra skule
Oppvekst, Giske kommune
Postvegen 455, 6040 Vigra
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar ved Vigra skule fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Det er ledig fast 100 % stilling som avdelingsleiar 1.- 4. trinn ved Vigra skule frå 01.08.2024.
Bur det ein leiar i deg? Kunne du tenkje deg å bli ein del av skulen si leiargruppe og jobbe med pedagogisk leiing, personalleiing og administrative oppgåver? Leiargruppa har felles ansvar for skulen si pedagogiske utvikling og resultat.
Vigra skule er ein 1-7 skule med 194 elevar og med ca 73 barn i SFO. Visjonen «Vi flyg saman» er samskapt av foreldre, elevar og tilsette. Den symboliserer grågåsflokken som flyg høgt og langt, øver opp leiarskap og der ein både kan støtte og utfordre kvarandre. Skulen er fulldigitalisert med nettbrett 1:1.
Leiargruppa er rektor, to avdelingsleiarar og SFO-leiar. Avdelingsleiar 1.- 4. trinn arbeider tett ilag med SFO-leiar. Undervisningsdelen i stillinga er 50 %. Arbeidsåret er normalarbeidsår med høve til avspasering etter avtale med rektor.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Gyldig politiattest må leggast fram. Administrasjons-/undervisningsmålet er nynorsk.
Arbeidsoppgåver
- Involvere og inkludere elevar, tilsette og foreldre i å utvikle skulen i tråd med sentrale og lokale styringssignal
- Fagleg og administrativt ansvar i samsvar med tildelte fullmakter, dette inkluderer personalansvar og HMS-ansvar for trinnet.
- Pedagogisk utviklingsarbeid, koordinering av vikarbehov, elev og foreldreundersøkingar, heim-skule arbeid, oppfølging av elevsaker
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning frå universitet / høgskule
- Relevant leiarutdanning er ønskjeleg – om ikkje du har leiarutdanning må du vere innstilt på å tileigne deg det innan få år – gjerne rektorskulen.
- Erfaring frå undervisning - gjerne relevant leiarerfaring
- God kunnskap og erfaring frå begynnaropplæring og tidleg innsats
- Kunnskap om relevant lovverk i tillegg til kunnskap om pedagogisk utviklingsarbeid og administrativt arbeid
- God digital kompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort for bil
Personlege eigenskapar
- Evne til å vere ein målretta, motiverande og tydeleg leiar som i lag med leiargruppa legg til rette for utvikling og læring
- Lyttande og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – god relasjonskompetanse
- Evne til å arbeide ryddig og strukturert
- Evne til å jobbe heilskapleg og prioritere innsats og ressursar
Vi tilbyr
- Elevar som er ein ressurs i læringsarbeidet
- Føresette som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrer
- Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring
- Samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente tilsette og leiarkollegaer
- Løn etter avtale og kvalifikasjonar
Giske kommune sine verdiar er: - Kvalitet - gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling
- Løsingsvilje - gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet
- Engasjement - gjennom meininsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede
- Respekt - gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande
Kontaktinformasjon
Karianne Oline Farstad, einingsleiar / rektor, +47 41702309Arbeidsstad
Postvegen 4556040 Vigra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4806057672
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2024
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2644206
- Sist endret
21. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
13f83a38bfac4562b93f92d9f6d0c500