Medarbeidar med kompetanse innan gravering/grafisk arbeid
Næringslivet på Sunnmøre er i medvind og det betyr auka oppdragsmengd for oss i Furene og innan Gravering og Profilering i Dragsund. Furene AS er ei Arbeid og Inkluderingsbedrift og du må like å jobbe med, for og ilag med ulike menneske. Vi ynskjer å sjå moglegheiter for den enkelte og verksemda, som igjen er med å skape ein god arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø.
Hva vi ser etter
Medarbeidar med kompetanse innan gravering/grafisk arbeid
Vi leverer graverte skilt i stål, aluminium, messing og plast. Dei største kundane våre er innan maritim og marin næring.
Vi søkjer difor deg som har kompetanse innan gravering, CNC og/eller som har grafisk kompetanse. Du må like utfordringar, vere digitalt sterk, nysgjerrig og open for å lære nye ting.
Kvalifikasjonar:
- Utdanning eller kompetanse innan grafisk design, gravering eller CNC
- Relevant erfaring
- Kunnskap innan Adobe pakka, Flexisign, Gravostyle
- Kunnskap eller erfaring med B2B netthandelsløysingar
- God på kommunikasjon og ha god formuleringsevne på norsk og gjerne engelsk
- Er ansvarsfull, strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
- Kan og likar jobbe i team
- Er klar for ei utfordring
- Kunne rettleie andre, både kollegaer, lærlingar og tiltakstilsette
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
Dagleg drift av graveringsproduksjonen med;
- produksjonsplanlegging og arbeidsleiing
- produksjon
- ordreregistrering
- kundekontakt og oppfølging av desse
- utviklingsarbeid i samarbeid med gode kollegaer
- vedlikehald av maskiner og utstyr
Vi tilbyr
Furene AS kan tilby:
Spanande arbeidsoppgåver i eit godt fagleg og sosialt miljø
Moglegheiter for å vere med å utvikle avdelinga digitalt
Løn etter avtale
Pensjonsavtale og gode velferd og forsikringsordningar
Aktivt trivselslag
For stillinga er der krav om førarkort i klasse B og ved tilsetting må det synast fram godtkjent politiattest.
Om du vil vite meir om oss i Furene er det berre å ta kontakt med avdelingsleiar Børge Sætre på mob. 95743708, eller personalleiar Gro-Lise M Rise mob. 97487094
Søknadar skal sendast til gro-lise.rise@furene.no - merk søknaden: Ledig stilling Dragsund
Om bedriften
Furene sitt samfunnsoppdrag er å styrke den einskilde si tilknytning til arbeidslivet. Vi gjer dette gjennom tett oppfølging av arbeidssøkjar og eit stort nettverk av arbeidsgjevarar. Gjennom å sjå kvart menneske, syne respekt og vere truverdige i arbeidet, er vi med på å skape FRAMTIDSTRU
Furene AS har eit omfattande samarbeid med næringslivet på Søre Sunnmøre som eit ledd i attføringsarbeidet. Vi er også leverandør av varer og tenester til fleire store bedrifter på Søre Sunnmøre. Dette gir oss mange alternativ og stor grad av fleksibilitet for utprøving av arbeidstakarar i ulike typar arbeid, både internt i våre produksjonsavdelingar, og eksternt hos våre samarbeidspartnarar.
Les gjerne meir om oss på www.furene.no