Helsesekretær
Osterøy kommune
Lonevåg legekontor, 5282 Lonevåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Osterøy kommune søkjer helsesekretær til 60% fast stilling
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. mars
Om stillinga
- Ein av våre trufaste medarbeidarar går av med pensjon og Osterøy kommune søkjer ny helsesekretær i 60% fast stilling frå og med 02.05.2025.
- Osterøy kommune driftar to legekontor på Osterøy.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert helsesekretær eller legesekretær.
- Ynskjeleg med erfaring frå Infodoc journalsystem
- Erfaring som helsesekretær på legekontor, men også andre med relevant erfaring kan søkje
- Du har gode samarbeidsevner, serviceinnstilt og fleksibel
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i tilsettingssprosessen
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig løn og pensjonsordning
- Godt kollegialt miljø
- Naudsynt opplæring i journalsystem og oppgåver etter behov
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Sektor
Offentlig
Nettsted