Rektor Time kulturskule
Org. nr: - Stillingsident: 4189908323 Presentasjon av stillingen:
Me treng deg som skal vera med å utvikla Time kulturskule vidare. Som kulturskulerektor står du i spissen for å vidareutvikla ein framtidsretta, attraktiv, aktiv og kreativ kulturskule.
Time kulturskule har omlag 20 tilsette og eit undervisningstilbod på omlag 600 elevplassar for barn og unge innan song og musikk, dans, teater, visuelle kunstfag og skapande skriving. Kulturskulens administrasjon og leiing er i dag lokalisert sentralt i Bryne, på Bryne skule. I hovudsak går undervisninga føre seg her, men og dels på tre andre grunnskular i kommunen.
I tillegg samarbeider kulturskulen i dag med mange aktørar og jobbar mykje på tvers, til dømes kring satsingar som Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken. Det er og tett samarbeid med skular, barnehagar, institusjonar og med kulturskular i nabokommunane . Det er ei målsetting å vera synleg i lokalsamfunnet.
Time kommune ønskjer at kulturskulen skal vera tilgjengeleg for alle som ønskjer elevplass. Me vektlegg ein mangfaldig og fagleg sterk kulturskule. Rektor skal følgje opp overordna rammeplan for kulturskulen og utvikle verksemdsplanar som bidreg til høg kvalitet både i form av breddetilbod, kjerneundervisning og fordjuping.
Pr i dag er stillinga tillagt ein liten undervisningsdel.
Arbeidsoppgåver
- Personal-, økonomi og fagansvar for verksemda
- Vera pådrivar til kontinuerleg organisasjonsutvikling
- Sikra god samhandling og deling
- Samarbeida på tvers av tenesteområda, med andre kommunar, kulturlivet og innbyggarane i Time
- Vera pådrivar for eit motiverande og utviklande læringsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Kunstfagleg og pedagogisk utdanning, gjerne med leiarkompetanse.
- Ønskjeleg med erfaring frå leiing av medarbeidarar med kunstfagleg utdanning
- Vilje og evne til å gjennomføra endringsprosessar og organisasjonsutvikling
- Forståing for kulturskulen sitt samfunnsmandat
- Kjennskap til administrative og politiske prosessar knytt til offentleg forvaltning
- Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
- Kompetanse i bruk av relevante digitale verktøy
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som kan:
- Leia strategisk, leia utviklings- og endringsprosessar og leiing av kompetanseutvikling
- Bygga eit profesjonsfellesskap, samarbeid og kultur. Vera inspirator og konfliktløysar
- Vera tydeleg, demokratisk og sjølvstendig, trygg og modig.
- Lytte til, og vera, støtte for elevar og tilsette
Du har tilstrekkeleg god fagkompetanse og legitimitet, og har mot til å meina og du kan leia eit motivert kollegium vidare
Me tilbyr
Ein utfordrande jobb med gode utviklingsmoglegheiter i eit godt arbeidsmiljø. Du vil vera ein del av eit dyktig leiarkollegium i Time, deltek i leiarsamlingar for oppvekst og er del av utviklinga på fagfeltet med andre kulturskular i Rogaland.
Kontaktinformasjon
Eskil Nygaard, Kommunalsjef, 90583484
Arbeidssted
Ola Barkveds veg 16
4340 Bryne
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Time Kommune
Referansenr.:4189908323
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 08.03.2020
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har ca 18.500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkja hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.