Fysioterapeut - 90% fast stilling
Frå 1.juni har vi ledig 90% fast stilling som fysioterapeut i Hemsedal kommune.
Fysioterapitenesta inngår i helse- og omsorgsetaten i Hemsedal kommune, og det er pt 2,9 årsverk som fysioterapeut, 0,7 årsverk innan friskliv og 0,5 som ergoterapeut. I tillegg er det tilknytt 150 % driftstilskott til kommuna. Helse og omsorgstenestene er i utvikling og er i endring både organisatorisk og tverrfagleg og har mykje sektorovergripande samarbeid både kommunalt, interkommunalt og med spesialisthelsetenesta. Vi har eit godt fagmiljø i etaten hvor kvardagen består i varierte arbeidsoppgåver og vi har eit godt og triveleg arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
- Rehabilitering og habilitering av ulike pasientgrupper, inklusiv barn og unge på helsestasjon, pasientar på institusjon og heimebuande.
- Fysioterapi som ein del av skulehelsetenesta.
- Drifte av ulike behandlingsgrupper.
- Poliklinisk undersøking og behandling av generell muskel og skjelettproblematikk.
- Opptrening og rehabilitering av pasientar med skader, etter operasjoner eller sjukdom.
- Deltaking i tverrfaglege grupper og ansvarsgrupper.
Krav til kompetanse:
Vi søkjer etter fysioterapeut med offentleg godkjent autorisasjon og gjerne med erfaring frå kommunehelsetenesta. Det er ønskjeleg med kompetanse og erfaring innan fagfelta generell rehabilitering, muskel og skjelett, geriatri, ortopedi, nevrologi, barn og unge.
Det blir det lagt vekt på faglege kvalifikasjonar og praksis i høve til arbeidsoppgåvene. I tillegg blir det lagt stor lagt vekt på interesse og personlege eigenskapar. Søkjaren må ha sertifikat og norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Vi ønskjer oss ein kollega som:
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, både fagleg og tverrfagleg
- kan jobbe tidvis under stort arbeidspress og tempo
- tek ansvar, er løysningsorientert og kreativ
- er fagleg engasjert med fokus på kvalitet
- er brukar og pårørande på ein open og respektfull måte
- er fleksibel og sjølvstendig
- medverkar til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
Generell informasjon:
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
- Det er krav om politiattest jf. forskjellig lovverk i dei forskjellige sektorane
- Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7
Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.
Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar skal lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Ta kontakt med postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringar i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.
Om bedriften
Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2500 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.