Arbeidsrettleiar på vaskeriet
Aufera As
Idrettsvegen 1 A, 5936 Manger
Om jobben
Stillingstittel
Arbeidsleder attføringsbedrift
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Me søkjer etter ein person som likar utfordringar, har stort pågangsmot og som vil være med på å utvikla bedrifta.
Arbeidsoppgåvene er oppfølging av tiltaksdeltakarar, praktisk tilrettelegging og organisering av vaskeriet, skaffa og fylgje opp kundar og samarbeidspartnarar, kvalitetssikring av produkt og produksjon, rapportskriving (nynorsk er målforma) og koordinera oppgåver knytt til VTA kravspesifikasjonen frå NAV. Me søkjer etter ein person med formell kompetanse innan pedagogikk og/eller helsefag. Erfaring frå vaskeri eller liknande kan vera ein føremon.
Me søkjer personar som kan <<ta i eit tak når det trengst>> . Stillinga krev politiattest.
Ynskje om:
- Utvikling- og endringskompetanse
- Leiarerfaring
- Rettleiingskompetanse
- Økonomisk forståing
- Ein person som tør ta ansvar og som ser løysingar
- Initiativrik og fleksibel
Du må ha:
- Førarkort klasse B
- Gode datakunnskapar og god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Kjennskap til fagopplæringsplanar
- Gode samarbeidsevner
- Erfaring og interesse med å jobbe med menneske
- Personlege eigenskapar og referansar vil verta vektlagt
Me kan tilby:
Ein jobb som er spennande og utfordrande
Rause medarbeidarar
Lønn etter kvalifikasjonar. Pensjonsordning i KLP. Arbeidstid: 37,5 t/v.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få hjå dagleg leiar Kari Smith, tlf. 55602472/93887141 Søknadsfrist: 11.03.24. Søknaden skal sendast til Aufera AS Idrettsveien 1 A 5936 Manger kari@aufera.no
Om bedriften
Aufera er ei verksemd som gjev arbeid til personar som av ulike årsaker står utanfor det ordinære arbeidslivet, og har trong for tilrettelagt arbeid.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2565578
- Sist endret
3. mars 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
f1545e68-06cd-4304-9af2-cd2560c648b1