Helsesekretær - ferievikariat 2019 - Vestnes legesenter
Stillingstype
Det er ledig ferievikariat for 2019 som helsesekretær ved Vestnes Legesenter i perioden veke 26 til veke 32.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet på legesenteret er organisert med rotasjon på 4 arbeidsstasjonar: laboratorium, skiftestue, resepsjon og arkiv. Søkjaren må vere i stand til å arbeide på alle 4 stasjonar.
Laboratorium: prøvetaking, diverse analyser samt klargjering av prøver til sending. Ta EKG, spirometri og 24 timars blodtrykk.
Skiftestue: bistå legane i pasientbehandling og gjennomføre behandling ordinert av lege som f.eks. sårbehandling, medikamentinjeksjonar m.m.
Resepsjon: betjene sentralbord, ta imot pasientar samt handtere oppgåver som desse henvendelsane genererer.
Arkiv: svare på telefonar og utføre oppgåver i samband med dette, arkivere dokument, sortering av post samt anna førefallande kontorarbeid.
Det er tilsett bioingeniør ved legesenteret.
Kvalifikasjonar
- fagbrev som helsesekretær, men studentar innan helse-/omsorgsfag oppfordrast også til å søkje
- erfaring frå arbeid ved legekontor
- beherske norsk muntlig og skriftlig. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- datakunnskap
- ha gode kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
- du må være faglig engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i et hektisk miljø
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentliggjort.
Om bedriften
Vestnes Legesenter er eit stort legekontor med 7 fastlegar, 1 turnuslege og 6,8 stillingar for hjelpepersonell, m.a. eigen bioingeniør. Vi kan tilby ein variert arbeidsdag, eit inspirerande arbeidsmiljø og spanande faglege utfordringar.Journalsystemet er SystemX. Vestnes kommune eig og driv legesenteret. Fastlegane er private næringsdrivande og er leigetakarar ved legesenteret.