Ergoterapeut 100% fast stilling
Stryn Kommune
Myrane 18, 6783 Stryn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ergoterapeut 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. januar
Stryn kommune har ledig ei ny 100 % fast stilling som ergoterapeut ved fysio- og ergoterapiavdelinga frå 01.01.2025.
Fysio- og ergoterapiavdelinga er lokalisert på Stryn Omsorgssenter, og yter tenester til brukarar i heile kommunen. Avdelinga består i dag av 2,8 årsverk fysioterapeut og 1 årsverk ergoterapeut. Gjennom utlysning får ein no styrka avdelinga slik at ein har 2 årsverk som ergoterapeut. Stillinga har avd.leiar fysio- og ergoterapiavd. som næraste leiar, og avdelinga er strukturert i eining Helsetenester saman med helsestasjon og legekontor.
Arbeidsoppgåver
- Hovedansvar for kommunen si satsning på velferdsteknologi og digital heimeoppfølging
- Arbeid med kvardagsrehabilitering og rehabilitering på institusjon
- Vurdering, tilpasning og oppfølging av tekniske hjelpemiddel
- Tett tverrfagleg samarbeid med aktuelle instansar
Arbeidsoppgåvane kan bli endra ved endra behov i tenestene
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som ergoterapeut
- Vidareutdanning i velferdsteknologi
- Ønskeleg med vidareutdanning og erfaring i kvardagsrehabilitering
- Førerkort klasse B
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Erfaring frå arbeid i kommunehelsetenesta. Praktisk erfaring frå arbeid med velferdsteknologi vil bli tillagt stor vekt
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fagleg engasjert og motivert for utvikling
- Positiv bidragsyter inn i eit inkluderande arbeidsmiljø
- Yter tenester med brukar i fokus
Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt
Vi tilbyr
- Spennande og krevjande arbeidsoppgåvar
- Positivt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
- Tenester i utvikling
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Bente Østreim Ulvedal, Avdelingsleiar fysio- og ergoterapiavd., 948 18 065
Mona Helen Kile, Einingsleiar helsetenester, 957 33 547
Arbeidsstad
Myrane 18
6783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 4897244714
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Mona Helen Kile
Einingsleiar helsetenester
957 33 547
Bente Østreim Ulvedal
Avdelingsleiar fysio- og ergoterapiavd.
948 18 065
Om bedriften
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2813710
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2ba54a1d668046e581e7d949552bd3a9