Prosjektstøtte - Utvikling av Glasblokkene for barn, unge og kvinner
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4410282116 Presentasjon av stillingen:
Haukeland universitetssjukehus bygger eit nytt sjukehus for barn, unge og kvinner. Bygget har fått namnet Glasblokkene, og er klart for innflytting i 2023. Glasblokkene er det største byggeprosjektet ved Haukeland sidan Sentralblokka. Gjennom eit omfattande organisasjonsutviklingsprosjekt jobbar vi dagleg med å førebu oss til å ta i bruk det nye sjukehuset.
Vi har ein visjon om at pasientar og deira familiar skal få oppleve eit heilskapleg, tilpassa og samanhengande spesialisthelsetenestetilbod.
Vi søker no ein engasjert og strukturert prosjektmedarbeidar som skal støtte prosjektleiarar i organisasjonsutviklingsarbeidet i ei travel periode der mykje skal avklarast før sommaren 2022. Du er gjerne nyutdanna med ønske om å bidra til utviklinga av Glasblokkene, gjennom det du kan og den du er. Som prosjektmedarbeidar kan du bistå med prosjektstøtte ved fleire delprosjekt i Glasblokkene.
Arbeidsoppgåver
Sparringspartner for prosjektleiar og støtte i fasilitering av møter
Skrive referat frå prosjektmøter, utarbeide statusrapporter og oppsummeringar
Bidra til å følgje opp milepelsplan og risikovurdering for prosjektet
Kvalifikasjonar
Minimum bachelorgrad innan eit relevant område. Beskriv i søknad/CV kvifor utdanninga er relevant i forhold til arbeidsoppgåvene.
Kunnskap om prosjektleiing og prosjektstyring
God på relevante system og verktøy
Personlege eigenskapar
God skriftleg framstillingsevne
Analytisk
Trygg
God arbeidskapasitet
Positiv og med servicefokus
Opptatt av å lære, nysgjerrig
Sjølvstendig
Vi tilbyr
Eit fulltidsengasjement frå 01.09.21 til 30.06.22.
Spennande og relevante oppgåver for nyutdanna.
Kontakt oss gjerne. No i ferietida er det best om du sender oss ein e-post. Vurdering av kandidatar blir gjennomført i byrjinga av august.
Kontaktinformasjon
Elin Folgerø Styve, Seksjonsleiar strategi, organisasjon og leiing, elin.folgero.styve@helse-bergen.no
Elisabet Nørvåg, Prosjektleiar - Organisasjonsutvikling Glasblokkene, elisabet.noervaag@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 BERGEN
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4410282116
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.09.2021
Sluttdato: 30.06.2022
Søknadsfrist: 01.08.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.