Vil du bli lærling i Kvinnherad kommune
Kvinnherad kommune Administrasjon
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 1. mars
Kvinnherad kommune har ledige læreplassar innan fleire fagretningar frå hausten 2025.
Vi søkjer etter lærlingar innanfor desse faga
- Helsefagarbeidar
- Barne- og ungdomsarbeidar
- IT-driftsfaget/dataelektronikarfaget
- Byggdrifter
Kvalifikasjonar
- Fullført og bestått Vg1 og Vg2 innanfor det aktuelle faget
- Beherska norsk munnleg og skriftleg tilstrekkeleg til å utøva yrket forsvarleg
- Dokumentert fråvær
Vi legg vekt på at du har personleg kompetanse som passar til jobben. Vi søkjer etter deg som er motivert og ønskjer å gjera ein god jobb til å gjennomføra læretida. Du er lærevillig og har evne til å ta i mot rettleiing. Du tar initiativ, er sjølvstendig og har engasjement for faget, samt at du tek ansvar og er punktleg. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetjing.
Som lærling hos oss får du
- Lærekontrakt og arbeidsavtale
- Løn under læreløpet etter gjeldande tariff
- Oppfølging av fagleg leiar og instruktør
- Intern opplæringsplan i henhold til opplæringslova
- Evaluering undervegs i læretida
- Godt arbeidsmiljø
- Garantert full stilling for helsefagarbeidar- og barne- og ungdomsarbeidarlærlingar ved fullført og bestått fagprøve etter ordinær læretid og etter gitte kriterier.
Arbeidsoppgåver som lærling
- Delta i opplæringa gjennom å løyse oppgåver i praksis
- Delta i opplæringa gjennom å løysa teoretiske oppgåver etter læreplanen i faget
- Delta aktivt, ta initiativ og stille førebudd til rettleiing
- Deltek aktivt for å nå mål i opplæringa og deltek i planlegginga og vurdering av eiga læringsarbeid
- Følgje plikter og rettigheitar i arbeidslivet
- For lærlingar i helsefagarbeidarfaget vil det vera turnustjeneste
Sjølv om du er registrert i Vigo, ber vi om at du søkjer her.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).
Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje
skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta
offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje
søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest for helsefagarbeidar - og barne- og ungdomsarbeidarlærlingar. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2848211
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3458485_226013_nn