100% stilling som pedaogisk leiar ved Kinsarvik barnehage
Ullensvang kommune Kinsarvik barnehage
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar vil andre verta vurderte, men då i vikariat fram til nytt barnehageår medio august 2025. Dersom det er interne søkjarar som vert tilsett mellombels til medio august 2025, vert det ledig stilling som 100 % barne- og ungdomsarbeidar.
Kinsarvik barnehage er ein romsleg og flott tre-avdelingsbarnehage som var ny august 2016. Me har gode arbeidsrom til pedagogane, eige pauserom og fleire grupperom med gode høve for å dela opp i leik og anna aktivitet. Ute har me eit stort og innhaldsrikt leikeområde.
Me held til øverst mot Huseskogen, der me har den fantastiske skogen rundt oss på fleire kantar. Me har eige turområde, med ei kjekk hytta der me kan fyra opp i ovnen og laga mat om me vil.
Me har fleire gardar rett ved barnehagen, som me ofte besøker for å sjå på sauer, hest og kyr.
Likar du å jobba med menneske og er glad i å vera ute i naturen i eit aktivt, fleirkulturelt og kreativt arbeidsmiljø, der me jobbar for det beste for barna, er kanskje du den rette?
Me har hovudfokus på å skapa eit trygt og godt læringsmiljø for alle, at alle barn trivs og har venner å leika med.
Dei viktigaste verdiane me jobbar med er:tydeleg og engasjert
inkluderande og lojal
tillitsfull og respektfull
samskapande
Er du ellers nysgjerrig på å finna ut meir om barnehagen kan du lesa i årsplanen på heimesida til kommunen!
Arbeidsoppgåver:
Som pedagogisk leiar skal du blandt anna
- sjå til at det er samsvar mellom dei strategiar, mål og metodar som vert nytta i det daglege arbeidet på avdelinga i høve til barnehagen sin årsplan og ellers andre planar
- samordna det pedagogiske arbeidet i samsvar med gjeldande lovverk
- planleggja, gjennomføra og vurdera det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga
- ha ansvar for at barn med spesielle behov vert integrerte i barnehagen og har nytte av tilbodet
- gje pedagogisk rettleiing på avdelinga
-tverrfagleg samarbeid med ulike instansar
Ynskte kvalifikasjonar:
Utdanning som barnehagelærar, anna relevant utdanning kan verta vurdert.
Skriftleg og muntleg norskkunnskap
Personlege eigenskapar:
Me ynskjer ein kollega som er positiv og har godt humør, er omgjengeleg og fleksibel. Du må lika å jobba med mennesker, og vera aktivt med i barna sin leik.
Du må vera glad å jobba i eit aktivt miljø der mykje skjer, og der ting av og til er uforutsigbart. Du må vera god til å samarbeida med andre: “Du er din kollega sitt arbeidsmiljø"!
Me/vi tilbyr:
Varierte arbeidsoppgåver
Lønn etter hovudtariffavtalen
Løn etter avtale ( avhengig av stilling)
Rekrutteringsavtaler
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
Politiattest
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2751741
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3407231_193989_nn