Fagarbeidar Valsvik barnehage
Me har ledig
40 % stilling som fagarbeidar, vikariat, frå 16.08.21 - 31.12.21 med mogeleg forlenging.
Krav til kompetanse
Det er ynskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Løns og tilsetjingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.
Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Den som vert tilsett må levere politiattest og helseattest av ny dato.
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du
grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden,
kan du ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 57 69 82 00.
Om bedriften
Vik kommune har i underkant av 2700 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og
industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til
Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden
verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte
tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk.
Vik kommune er ein stor arbeidsplass med om lag 305 tilsette fordelt på ca 260 årsverk og
eit brutto driftsbudsjett på 330 mill.kr.