Ferievikar
Gulen kommune har behov for inntil 100% ferievikar ved Dalsøyra barnehage og skule, avdeling barnehagen, sommaren 2019. Tida for ferievikariatet er ikkje heilt avklart enno, men sannsynlegvis i tida frå veke 26 til 32.
Arbeidsoppgåver:
- Medverke til at barnehagen er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
Kvalifikasjonar:
- Det er ynskjeleg med relevant utdanning og erfaring, men andre kan også søkje
- Det kan vere ein fordel om søkjar har førarkort kl B
Personlege eigenskapar:
- Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til brukarane
- Kan bidra til eit godt og stabilt arebidsmiljø for born og vaksne
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna:
- Tenestespråket i Gulen er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, i PU og i skule og barnehage, vert det stilt krav om godkjent politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg infomasjon. Dersom søkjar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Nestleiar Janne Helen Neverdal, Tlf: 57781721, Epost: kurt.helge.pedersen@gulen.kommune.no
Om bedriften
Gulen kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, heilt ut mot havet. Innbyggjartalet er ca. 2 300. Kommunen har ca. 400 tilsette, som arbeider etter visjonen "samarbeid for utvikling"!