Konsulent
Hareid kommune, Servicetorg og politisk sekretariat
Rådhusplassen 5, 6060 Hareid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Konsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 2. januar
No skal ein av våre gode medarbeidarar slutte. Vi ser derfor etter deg som er interessert i og har kunnskap om desse fagområda.
Arbeidsoppgåver
Oppgåver som sentralbord og skranke, saksbehandling i startlånsaker og møtesekretær for fleire av dei folkevalde organa er ledige. Basert på våre behov og din kompetanse og erfaring kan andre oppgåver bli lagt til stillinga.Kvalifikasjonar
Vi ønskjer at du har relevant utdanning på bachelornivå og erfaring frå kunde- og/eller sakshandsaming. For å gjere ein god jobb må du ha god IKT-kunnskap, i tillegg til god munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk.Personlege eigenskapar
Jobben kan til tider bli hektisk og med mange ballar i lufta. Du må derfor vere strukturert, kunne handtere store mengder informasjon og vere flink til å veksle mellom og prioritere forskjellige oppgåver. Når du møter innbyggjarar, tilsette og folkevalde forventar vi at du er imøtekomande, serviceinnstilt og løysingsorientert.Vi kjem til å leggje vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
På rådhuset vil du bli ein del av ein god arbeidsfelleskap. Vi delar same mål om å gjere Hareid kommune til ein god kommune å bu og jobbe i. Målet er å samarbeide på tvers av fagmiljøa for å trekke vekslar på kvarandre sine erfaringar og kompetanse.
Elles er det verdt å nemne at arbeidsstaden din ligg sentralt plassert på Sunnmøre. Frå Ulstein er det 15 minutt med bil. Frå Ålesund er det 25 minutt med hurtigbåt. Frå Fosnavåg, Volda og Ørsta tek det mindre enn 40 minutt å køyre til Hareid rådhus.
Vi har gode pensjons- og forsikringsavtalar gjennom KLP.
Tilsettinga skjer etter gjeldande lover, reglement og avtaleverk. Faste stillingar har ei prøvetid på seks månader.
Kontaktinformasjon
Johnny Berge, Konstituert leiar, +47 948 64 377Arbeidsstad
Rådhusplassen 56060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 4891001600
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Johnny Berge
Konstituert leiar
+47 948 64 377
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. VI oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2806038
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3bc7c2f9d18b4af8ac6109b63001ccbb