Opplæringsstilling dagmann/ lettmatros i sambandet Hatvik - Venjaneset, f.t. MF Årdal
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Hatvikvegen 5200, 5211 Os
Om jobben
Stillingstittel
Opplæringsstilling dagmann/ lettmatros i sambandet Hatvik - Venjaneset, f.t. MF Årdal
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Bli med på verdas største grøne revolusjon i ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Kunne du tenke deg å bli matros i Fjord1? Da er dette stillingen for deg!
Fjord1 har ledig opplæringsstilling som dagmann i sambandet Hatvik - Venjaneset, f.t. MF Årdal.
I denne stillinga har kandidatar uten kvalifikasjoner mogelegheiten til å komme inn i eit opplæringsprogram på vegen mot å bli matros.
Har du lite eller ingen erfaring, vil du kunne starte som dagmann og vidare bli lettmatros. Dette er ein fysisk krevande stilling, så ein må like å være i aktivitet.
Har du kvalifikasjonar til det, kan du starte som lettmatros og vidare bli matros.
Skiftordning: 1 veke på og 1 veke av, evt. 2 veker på og 2 veker av.
I denne stillinga vil ein vere ombord på dagtid og har mogelegheiten til å bu heime.
Det vil derfor vere ein fordel å bu lokalt.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Søknader vurderes fortløpende.
Arbeidsoppgåver
- Førefallande arbeid om bord
- Billettering
- Kundehandsaming
- Andre oppgåver iht stillingsinnstruks
Kvalifikasjonar
- Gyldig helseerklæring
- (Krise- og passasjerhandtering)
- Søker må ha fylt 18 år
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Sjømannsforbundet.
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: 1 veke på og 1 veke av, evt 2 veker på og 2 veker av
Kontaktinformasjon
Selma Førde, +47 468 65 635Arbeidsstad
Hatvikvegen 52005211 Os
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4838307067
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2024
Om bedriften
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2701107
- Sist endret
3. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ef74d8bee580463690f124cb63114b53