80% årsvikariat sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4410746281 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig eit 80% årsvikariat i eining for pleie og omsorg, og søkjer etter ein sjukepleiar som kan bidra til å styrke våre team av kunnskapsrike og dyktige tilsette.
Stillinga har 3-delt turnusvilkår med arbeid kvar 3.helg (p.d.d. utgjer dette 4 netter på 6 vekers turnus).
Vi tilbyr god løn (p.d.d. 506 400 kr i året pluss tillegg). Tilsvarande løn som ved full ansiennitet.
Arbeidsoppgaver
- Sjukepleiarfagleg ansvar.
- Sjukepleiarfagleg ansvar på avdelinga når avdelingsleiar ikkje er til stades.
- Inneha funksjon som skiftleiar på skift.
- Vere primærsjukepleiar for brukarar.
- Fagleg ansvar, blant anna iverksetjing, oppfølging og evaluering av tiltak.
- Bidra med kompetansehevande kollegavegleiing, undervising og rettleiing av anna personale, brukarar, pårørande og evt andre som har behov for det.
- Utøvande arbeid i forhold til brukarar, pårørande, leger, sjukehus og andre.
Kvalifikasjoner (overskrift)
-
Offentleg godkjent sjukepleiar med norsk autorisasjon
-
Tilfredsstillande norsk-kunnskapar
-
Gyldig politiattest må kunne leggjast fram (ikkje eldre enn 3 månadar)
-
Førarkort klasse B
-
Gode samarbeidsevner - er flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team.
-
Evne til å opptre sjølvstendig og er initiativrik, fleksibel, ser kva som må gjerast og får det gjort.
-
Er utviklingsorientert, analytisk, ryddig, resultatorientert og kvalitetsbevisst.
-
God kjennskap til bruk av IKT.
-
God til å formidle både skriftleg og munnleg.
-
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
-
Løn jamfør sentral tariffavtale og rekrutteringstilskot som gir ei samla løn tilsvarande full ansiennitet
(per d.d. 506 400 i året pluss tillegg). -
Eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter.
-
Meiningsfylte oppgåver i samarbeid med trivelege og kompetente medarbeidarar.
-
Bygland kommune har eigen bedriftsavtale med Sørlandsparken tverrfagleg helse.
-
Medlemskap i KLP.
-
Vilkår elles i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og regulativ.
Kontaktinformasjon
Camilla Verdal, Konstituert tenesteleiar Pleie- og omsorg
Arbeidssted
Sentrum 18
4745 Bygland
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Bygland Kommune
Referansenr.:4410746281
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 16.08.2021
Sluttdato: 14.08.2022
Søknadsfrist: 08.08.2021
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar -- stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.