Næringsutviklar
Tokke Kommune Sentraladministrasjon
Storvegen 60, 3880 Dalen
Om jobben
Stillingstittel
Næringssjef
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Stilling som næringsutviklar for tida ved plan, næring og kulturetaten frå 01.08.2024.
Me har ledig 100% fast stilling som næringsutviklar, frå 01.08.2024.
Er du resultatorientert, serviceinnstilt og har gode kommunikasjonsevner?
Brenn du for nærings- og samfunnsutvikling?
Vil du arbeide i ein liten kommune som tenker stort?
Stillinga er organisert i plan, næring og kultur-etaten, og skal ha tett samarbeid med
resten av næringsapparatet i kommunen. Stillinga har ein svært viktig funksjon i arbeidet med utvikling av næringslivet i kommunen.
Vi ynskjer oss ein medarbeidar som:
· har fagleg relevant erfaring og utdanning på høgskule eller høgare nivå.
· god kjennskap til næringsliv og verkemiddelapparat.
· erfaring frå offentleg forvaltning og prosjektarbeid er ein fordel.
· evne til å tenke nytt og sjå løysingar, samt vere fleksibel, initiativrik og kunne arbeide sjølvstendig.
· har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
· har gode evner til å kommunisere og samarbeide.
· har bil og sertifikat klasse B.
· Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.
Hovudansvarsområde som ligg til stillinga:
· Aktivt samarbeid med næringslivet i kommunen.
· Strategisk arbeid for å fremje tilflytting og busetting.
· Vere pådrivar for nyetableringar og utvikling av næringsareala i kommunen.
Andre aktuelle arbeidsområde er:
· Handsame søknadar om tilskot.
· Rettleiing av lokalt næringsliv og gründerar, samt hjelp til utviklingsarbeid (forretningsplanar, søknader om tilskot mm).
· Arbeide med utvikling av eksisterande og nye arbeidsplassar i heile kommunen.
· Vere pådrivar for nye utviklingsprosjekt og søknader på eksterne midlar.
· Førebu næringssaker for politisk handsaming og oppfølging av næringsplan.
· Arbeidsområda kan bli utvida
Vi tilbyr:
· Interessante og varierte arbeidsoppgåver
· Hyggelege kollegaer og ein god arbeidsplass
· Opplæring og kompetanseoppbygging
· Fleksibel arbeidstid, gode forsikrings- og pensjonsordningar
· Løn etter avtale/tariff.
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Ved spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med kommunalsjef Knut Erik Paulsen på tlf 90528586 eller e-post kep@tokke.kommune.no
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato, men slik attest skal ikkje følgje søknaden. Kopi av attestar og vitnemål tek du med deg ved eit eventuelt intervju.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad sendast på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no
Søknadsfrist: 9. juni 2024
Velkomen som søkjar!
Om bedriften
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har omlag 2200 innbyggjarar.
Det er eit mangfaldig kultur- og organisasjonsliv i kommunen.
E-134 er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom kommunen i Høydalsmo. Kommunesenteret Dalen er om lag 220 km frå Oslo. Dalen sentrum har bevart ein del av sine historiske bygg, bryggjeanlegg ved Telemarkskanalen og eventyrhotellet Dalen Hotel frå 1894. Suleskarvegen mot Stavanger, 230 km unna, er ein populær sommarveg gjennom kommunen.
Tokke er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har regionkontor og Vest-Telemark kraftlag har hovudkontor i kommunen. Det er også fleire industri- og høgteknologiske verksemder og Vest-Telemark vidaregåande skule her.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2657309
- Sist endret
10. juni 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
f0325de8-efa0-4587-955b-a49a137f147f