Bibliotekar
Bergen katedralskole, Vestland fylkeskommune
Kong Oscars gate 36, 5017 Bergen
Om jobben
Oppstart
1. mars 2022
Type ansettelse
Annet, heltid
Antall stillinger
1
Org. nr: 874557102 Stillingsident: 4466510526 Presentasjon av stillingen:
Bergen Katedralskole er ein
studiespesialiserande skole med fagtilbod knytt til programområda realfag og
språk/samfunnsfag/økonomi. I tillegg har skolen eit tilbod for
minoritetsspråklege elevar, eit tilbod for elevar med behov for særleg
tilrettelegging (Kyrre), eit IB-tilbod (International Baccalaureate) og eit
omfattande vaksenopplæringstilbod (VO) på vidaregåande skolenivå. Opplæringa
skjer på tre ulike lokasjonar: VO i Kalfarveien , Kyrre i Øvregaten og
hovedskolen i Kong Oscars gate. Skolen har om lag 1200 elevar og 130 tilsette.
Det er viktig for Bergen Katedralskole å føre vidare verdiane som ligg skolen si lange historie. Samstundes er det pedagogiske fokuset sterkt framoverretta, og tek mellom anna opp i seg dei utfordringane vi har i det fleirkulturelle samfunnet.
Vi har ledig fast stilling som bibliotekar frå 1. mars 2022.
.
Arbeidsoppgåver
Skulebibliotekaren skal i samarbeid med skolen si leiing og pedagogiske personale være med på å vidareutvikle bibliotektenesta som ein integrert del av skulen. Bidra til at biblioteket er ein lærings- og kulturarena som bidreg til å nå måla i læreplanar og vedtatte prinsipp og prioriteringar for vidaregåande opplæring.
Spesifikke oppgåver:
- Dagleg drift av skulebiblioteket inkludert digitale tenester, læremiddelsamling og klassesettsamling.
- Opplæring og rettleiing av elevar og lærarar i informasjonskompetanse generelt, dvs. informasjonssøking, kjeldekritikk og referansekunnskap
- Oppdatering og drift av nettsidene til skulen generelt og skulebiblioteket spesielt, skulen sine informasjonsskjermar, Its learning, intranettsider og kontoar på sosiale medier.
- Administrasjon av alle delar av ordninga med gratis læremiddel.
- Deltaking i diverse prosjekt saman med pedagogisk personale, alt etter kva som foregår til ei kvar tid, t.d. Holbergprisen i skolen, Erasmus Pluss, Ungdommens kritikerpris, oa.
- Deltaking i ulike formelle fora på skulen t.d Skulemiljøutvalet og anna.
- Deltaking i kollegialt fellesskap med andre skulebibliotekarar i Vestland.
Kvalifikasjonar
Utdanning som bibliotekar og relevant arbeidserfaring er ønskjeleg. God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk er ein fordel.
Personlege eigenskapar
Du må ha gode samarbeidsevner, vere strukturert og ansvarsbevisst, ha eit positivt elev- og læringssyn i tråd med verdiane til VLFK/Opplæringslova. Vi legg også vekt på at du kan skape gode relasjonar til elevar og dei andre i arbeidsmiljøet ditt.
Vi tilbyr
Eit godt og utfordrande fagleg miljø.
Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande tariffar.
Eit særs godt arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Andre opplysningar
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.
Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Rita Ellinor Andenes, ass. rektor , 55338202, Rita.Ellinor.Andenes@vlfk.no
Arbeidsstad
Kong Oscars gate 36
5017 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4466510526
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2022
Søknadsfrist: 23.01.2022
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1862005
- Sist endret
24. januar 2022
- Hentet fra
webcruiter
- Referanse
4466510526_Bergen katedralskole, Vestland fylkeskommune_webcruiter