Psykologspesialist
Poliklinikk BUP Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Geilebergvegen 20, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Poliklinikken i Ålesund (BUP) er samlokalisert med akutt sengepost og har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Personalet på poliklinikken er samansett av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege geografisk organiserte team.
I tillegg til generalist-team har vi eit akutt/ambulant team og eit småbarnsteam. Vi har etablerte ressursgrupper som mellom anna gir tilbod om spesialisert OCD-og angstbehandling (mellom anna med 4-dagers behandlingsmodell), eit spennande fagmiljø for gruppebehandling, og vi innehar spesialisert kompetanse for barn og ungdom med eteforstyrringar, psykoser og traumer.
Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for denne er ei forventa arbeidsoppgåve.
Er du på utkikk etter ei stilling som psykologspesialist der du blir ein del av eit godt fagleg fellesskap?
Poliklinikken (BUP) i Ålesund har ledig stilling i eit av våre generalistteam.
Ta gjerne kontakt så får du høyre meir om oss!
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til din søknad.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av barn og ungdom med psykiske lidingar (av moderat til alvorleg grad)
- Rettleiing og samarbeid med våre samarbeidsinstansar (kommunal helsetjeneste, PPT, barnevern osv.)
- Vere deltakande i rettleiing til andre psykologar (t.d rettleiing/supervisjon)
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer oss ein psykolog med fullført spesialisering innan relevant fagområde (barn og ungdom, rus- og avhengighetspsykiatri eller voksenpsykiatri).
- Primært har du god erfaring frå arbeid i spesialisthelsetjenesta, og med interesse for arbeid med nevrobiologiske tilstandar (autisme, ADHD m.v.)
- Den som blir tilsett må meistre norsk språk, både munnleg og skriftleg
- Det er krav om å leggje fram politiattest før tilsetting
Personlege eigenskapar
- Søkjaren må ha evne og vilje til samarbeid og omstilling
- Tilsette blir kontinuerleg involvert i fag- og organisasjonsutvikling, og det er forventa aktiv deltaking og sjølvstendig initiativ i denne utviklingsprosessen
- Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innanfor avtalt arbeidstid
- Søkjaren vil bli del av eit tverrfagleg team i seksjonen, og det å vere personleg eigna vil mellom anna bli vurdert opp mot evne til samhandling
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med svært gode moglegheiter for fagleg utvikling innan våre prioriterte fokusområder (psykose, personlegdomsforstyrringar, eteforstyrringar mm.)
- Eit godt og sterkt tverrfagleg samarbeid med dedikerte behandlere
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Inger Ann Berge, Seksjonsleiar, inger.ann.berge@helse-mr.noArbeidssted
Geilebergvegen 206017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4852421567
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.09.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2730847
- Hentet fra
talentech
- Referanse
632adaac987e425f96de953c4eda4b9d