Tenesteleiar for Miljøarbeidartenesta
Helse- og velferd i Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Om jobben
Stillingstittel
Tenesteleiar for Miljøarbeidartenesta
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. februar
Helse og Velferd arbeider etter visjonen «Saman blir vi sterkare". Er du ein lagspelar, likar du å spele andre god og ser løysningar og ikkje utfordringar?
Helse og Velferd har ledig stilling som tenesteleiar for miljøarbeidertenesta. Tenesta arbeider ut frå mål om å legge til rette for at mennesker med utviklingshemming får eit mest mogleg sjølvstnedig liv, ut frå deira føresetnadar og ynskjer.
Litt fakta om Miljøarbeidartenesta
Miljøarbeidertenesta har 70 årsverk, og gjev tenester til rundt 60 brukarar. Det er tre avdelingsleiarar som har delegert personalansvar og fagansvar for sine avdelingar. Vi gjev tenester til mennesker med utviklingshemming, psykisk liding og rusavhengighet. Vi har heildøgns og halvdøgnsbemanna bustadar og barneavlastning.
Kva vi jobbar med, og mot
Miljøarbeidertenesta arbeider med mål om at brukarane får halde ved like ferdigheiter, får moglegheit til å meistre og får eit mest mogleg sjølvstendig liv ut frå eigne ynskjer og føresetnadar. Tiltak dei har jobba med for å sikre måloppnåing er å implementere og følgje opp rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester for menneske med utviklingshemming" og kompetansehevande tiltak kring aldring og utviklingshemming,
"I forkant" er Gloppen kommune sin overordna strategi. Det handlar om at vi skal ha ein utviklingskultur som fangar opp signal i samfunnet og tek fatt i det handlingsrommet som vi har. I helse- og velferdsektoren betyr "i forkant" å jobbe med mål og tiltak som gjer at vi beheld tilsette, rekrutterar nye, og har rett kompetanse på rett stad.
Litt om rolla som tenesteleiarr
Som tenesteleiar har du overordna fagleg-, administrativt- og økonomisk ansvar for tenesta. Du blir leiar for tre avdelingsleiarar. Tenesteleiar rapporterer til kommunalsjefen for helse og velferd og er del av leiargruppa i sektoren. Du vil og være del av kommunedirektøren sitt leiarforum i Gloppen. Tenesteleiaren har såleis fleire roller å ivareta i dei forskjellige foruma, dette inneber at ein må kjenne til relevante utfordringar og problemstillingar i dei andre tenestene i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Overordna administrativt ansvar for personal, rekruttering, økonomi og fag i tenesta
- Leiing og kvalitetsarbeid
- Tenesteutvikling
Kvalifikasjonar
- Relevant helsefagleg høgskule-/universitetsutdanning
- Utdanning/erfaring innan leiing er naudsynt. Ved manglande formell utdanning innan leiing vil det stillas krav om at du tek kompetanseheving innan leiing, dette i dialog med kommunalsjef
- Erfaring og resultat innafor endringsarbeid.
- Digitale ferdigheiter, forståiing
- Det er ønskjeleg med erfaring frå prosjektarbeid
Personlege eigenskapar
- Ser menneske rundt deg og spelar dei gode
- Gjev tillit og ansvar til dei du jobbar med
- Forstår og forheld deg til ulike roller og ansvar
- Er oppteken av målet, og ikkje virkemidla
- Kommuniserar tydelege forventningar
- Delegerar oppgåver og ansvar- og har struktur på å følgje opp
- Evner å vurdere kva som haster og er viktig
- Du kan etterleve verdiane -Kunnskap- Omsorg-Mot- Tillit-Samhandling-Arbeidsglede-Likeverd-
Vi tilbyr
- Høg grad av autonomi og påverknad
- Arbeidsglede og humor
- Støtte i det du treng
- Rause medarbeidarar, med kompetanse, engasejement og omsorg
- Lønn etter avtale
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar
Det må leggast fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding
Kontaktinformasjon
Gunhild Gimmestad, Kommunalsjef helse og velferd, +47 91640696Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4910936020
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Gunhild Gimmestad
Kommunalsjef helse og velferd
+47 91640696
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2849899
- Hentet fra
talentech
- Referanse
83b39396e8e0415098d84e25e7cd9626