Administrativ koordinator for leirstad og gjestegard i Gurskøy
Kjeldsund leirstad og gjestegard har som mål å skape gode opplevingar for folk i alle aldrar. Kjeldsund er eigd av NMS (Det Norske Misjonsselskap). Og har ein tydeleg kristen profil.
Grunna auka pågang ser vi etter deg som kan ta ansvar for:
- Skape og oppretthalde nye og gamle arrangement knytt til staden.
- Booking
- Marknadsføring
- SoMe
- Fakturering
- Administrere frivillige
Dette er draumejobben for deg som kan
- Arbeide både i team og sjølvstendig
- Kan smile sjølv om du har det travelt
Stillinga er eit 3 års engasjement med moglegheit for forlenging.
- Vi tilbyr -- opplæring og utvikling i eit godt arbeidsmiljø
- varierte arbeidsoppgåver
- Moglegheit for å påverke din eigen arbeidskvardag
- løn etter tariff
- Det kan bli litt helgearbeid, og noko kveldsarbeid i løpet av året.
Søkjar må:
- Beherske norsk både skriftleg og munnleg
- Være utadvendt og serviceinnstilt
- være ryddig og kunne nytte digitale verktøy
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kjeldsund leirstad og gjestegard har som mål å skape gode opplevingar for folk i alle aldrar. Kjeldsund er eigd av NMS (Det Norske Misjonsselskap). Vi held til på ein nydeleg stad mellom holmar og skjær i Herøy kommune i havgapet på ytre Sunnmøre. I tillegg til leirdrift har vi mykje utleige til ulike selskap, kurs og konferanser, messedagar, samt besøk av ulike grupper og skuleklasser. Vi etablere leirskule og har ei satsing mot turistnæringa i området.