Lærar, vikariat på barnetrinnet ved Åseral barne- og ungdomsskule
Åseral kommune
Bordalen 3, 4540 Åseral
Om jobben
Stillingstittel
Lærar, vikariat ved Åseral barne- og ungdomsskule
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
For skuleåret 2024/2025 er det ledig vikariat i full stilling som lærar og kontaktlærar på barnetrinnet ved Åseral barne -og ungdomsskule.
Vi har eit godt arbeidsmiljø, der det å arbeide saman mot felles mål er viktig for oss.
Åseral barne- og ungdomskule er ein skule med ca. 115 elevar som ligg vakkert til i Kyrkjebygda i Åseral kommune. Ved skulen ligg kunstgrasbane, friidrettsbane og fleirbrukshall som er mykje nytta. Skulen har også fått dekkjungel og sykkelbane. I tillegg har vi naturen rundt med et nyrenovert uteområde som vi prøver å nytte så godt som råd er.
https://www.xn--bus-tla.no/
Arbeidsoppgåver
Undervisning for elevar på barnetrinnet.
- Det er spesielt ønskjeleg med kompetanse innan spesialpedagogikk
- Kontaktlæraroppgåver kan påreknast
- Planleggje, gjennomføre og følgje opp undervisning i tråd med ny læreplan
- Delta og vere aktiv i skulen sitt utviklingsarbeid.
- Ta ansvar for og fremje eit godt samarbeid mellom skule og heim
For tilsetjing er det naudsynt med politiattest utan merknader (ikkje eldre enn 3 mnd)
Kvalifikasjonar
Krav om godkjent lærerutdanning og undervisningskompetanse jmfr. Opplæringsloven kapittel 10 og forskrift til opplæringsloven kap 14
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi søker medarbeidarar som:
- Har evne til å skape gode relasjonar til både elevar og andre tilsette
- Har evne til å leie tydeleg, strukturert, forutsigbart og sette tydelege grenser
- Er fleksible og har endringskompetanse
- Har stor fagleg kompetanse og stort engasjement
- Har evne til å arbeide godt i team og er ein god lagspelar
- Tek i bruk varierte arbeidsmetodar og læringsarena for å fremje elevanes motivasjon, kreativitet og faglege nysgjerrighet
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldene lover og tariffer
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige tilsette
- Rettleiing for nyutdanna
- Kollektiv kompetanseheving i dysleksivenleg undervisning
- Vi kan hjelpe til å finne bustad
- Barnehageplass
- Gratis SFO
https://xn--flytttilseral-wfb.no/
Kontaktinformasjon
Helene Håvorstad Ljosland, Einingsleiar/rektor Åseral barne- og ungdomsskule, +47 975 70 091Arbeidssted
Bordalen 34540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommuneReferansenr.: 4807593903
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 18.05.2024
Om bedriften
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2646916
- Sist endret
19. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
13131fd3e46f4023994bb87b71731a45