Styrar i Vik barnehage
Me har ledig
100 % fast stilling som styrar i Vik barnehage frå 10.august 2020.
Vik barnehage vart oppretta i 1977 med ei avdeling, men har vakse seg større med åra og har for tida seks avdelingar. Fem avdelingar ligg i sentrum og avdelinga Bødalen ligg 4 kilometer lenger vekke. Det kan også bli slik at me får ei ny avdeling frå hausten. I Vik barnehage vil du ha med deg assisterande styrar og ein stabil arbeidsstokk på 28 tilsette. Me har ei personalgruppe med høg kompetanse og erfaring, og har full pedagogtettleik. Barnetalet ligg på om lag 80 barn og me er opptekne av at borna skal ha god vaksentid og plantida vert difor dekka inn av personale på avdelinga. Barnehagen har som visjon "Trygt å vera - kjekt å læra" og me legg vekt på tryggleik, sosial kompetanse og respekt.
Arbeidsoppgåver
Som styrar har du den unike muligheita til å forma framtida ved å vera leiar for ein arbeidsplass som skal ivareta born sitt behov for omsorg, tryggleik og opplæring. Styrar skal ta vare på vaksne og born, leie barnehagen i samsvar med barnehagelova og rammeplanen, og har det overordna ansvaret innanfor pedagogisk leiing, personalleiing og administrasjon.
Som styrar får du som andre tenesteleiarar i Vik kommune høve til å utvikla deg som leiar gjennom tett dialog med leiaren sin, gjennom samarbeid på tvers med andre tenesteleiarar og som ein del av kommunen si tenesteleiargruppe med fleire samlingar i året.
Krav til kompetanse
Godkjend utdanning som barnehagelærar, eller anna høgskuleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse.
Me treng ein leiar som har evna til å skapa eit trygt og inkluderande miljø for alle barn, gode leiar- og kommunikasjonsferdigheiter, evna til å skapa ein lærande organisasjon, evna til å motivera og samarbeida med andre tilsette, i barnehagen, på tvers av einingar og tenester. Det er positivt med leiarerfaring og leiarutdanning.
Løns og tilsetjingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.
Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Den som vert tilsett må levera politiattest og helseattest av ny dato.
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 57 69 82 00.
Søknadsfrist 19.04.2020 Utlyst dato 03.04.2020 Vårref 488
Kontaktperson
Aud Bell Hove, Barnehagestyrar, mobil: 41418023, Aud.Bell.Hove@vik.kommune.no
Bjarnhild Samland, Kommunalsjef oppvekst, mobil: 97195263, bjarnhild.samland@vik.kommune.no
Om bedriften
Vik kommune har i underkant av 2700 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk.
Vik kommune er ein stor arbeidsplass med om lag 350 tilsette fordelt på ca 254 årsverk og eit brutto driftsbudsjett på 206 mill.kr.