Miljøterapeut 2 x 100 % stilling
Ørsta kommune, Bu og Habilitering
Dalevegen 30, 6153 Ørsta
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
I Ørsta kommune er det frå 1.8.2024 ledig 2 x 100 % stilling for miljøterapeut. Stillinga er f.t. plassert i kommunalområdet Helse, omsorg og velferd med tenesteområde Bu og habilitering, avdeling Bakk-Ola-marka
Bu og habilitering har ansvar for tenester til menneske med utviklingshemming og andre med funksjonsnedsetjingar som treng bistand eller tenester for å bu i eigen heim. Stillinga er pr. dags dato knytt til bustader for unge og eldre vaksne med funksjonsvariasjonar.
Vi søkjer etter deg som har kunnskap, erfaring og har interesse for arbeid med menneske med utfordrande åtferd og utviklingshemming. Den som vert tilsett må vere budd på å utføre arbeidsoppgåver/endre tenestestad i samsvar med kommunen sitt behov til ei kvar tid. Stillinga har arbeid i turnus dag, kveld og helg.
Arbeidsoppgåver
- leggje til rette for at den enkelte tenestemottakar skal ha eit tilbod som fremjer ein kvardag der dei har medbestmmelse og er aktiv deltakar i eigen kvardag
- sikre opplæring i daglege gjeremål, ADL-trening og meistring av eigen kvardag
- sjå den enkelte tenestemottakar og deira behov ut i frå dei ressursar vi har tilgjengeleg
Kvalifikasjonar
- 3-årig helse-, sosialfagleg eller pedagogisk høgskuleutdanning
- Du bør ha førarkort klasse B. Det er ønskeleg med manuelt gir
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
- Relevant arbeidserfaring
Personlege eigenskapar
- Kunnskap og interesse for og erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming
- At du er engasjert, fleksibel og løysingsorientert
- Evne og ferdigheiter til å jobbe målretta, systematisk og sjølvstendig
- Du kan jobbe godt sjølvstendig og i team
- Evne til å ta initiativ og er løysingsorientert
- Du er roleg og trygg i utfordrande situasjonar
- Bidreg inn mot arbeidsmiljøet og trivsel på arbeidsplassen
- Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegar og trivleg arbeidsmiljø
Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 Gr.2 - stillingar om krav om min. 3 årig høgskuleutdanning
Stillingkode 6675 Miljøterapeut
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova §25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og får tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Kathrine Brekke, Avdelingsleiar, 900 12 175, kathrine.brekke@orsta.kommune.noGuro Bakke Liaskar, Tenesteleiar, 901 03 223, guro.bakke.liaskar@orsata.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 306153 ØRSTA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4777660969
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 22.03.2024
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 10 800 innbyggjarar den 5. største kommunen
i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2583423
- Sist endret
23. mars 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bad7961c76ae4ff4a39aa550fe154a58