Avdelingsleiar/leiande helsesjukepleiar
Helse, omsorg og velferd, Ørsta kommune
Dalevegen 28A, 6153 Ørsta
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar/ Leiande helsesjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du vere med å gjere ein forskjell for barn og unge i Ørsta kommune?
Då har vi ei spanande stilling til deg. Ørsta kommune søkjer etter avdelingsleiar for helsestasjonen. Helsestasjonen er lokalisert i nye lokale i nær tilknyting til mellom anna legesenteret og fysio/ergo/friskliv. Avdelinga er organisert under tenesteområde helse, tildeling og koordinering i sektor for helse, omsorg og velferd. I tenesteområdet elles ligg fysio/ergo/friskliv, legeteneste, kommunepsykolog, tildeling, koordinering, NAV og barnevern.
Som avdelingsleiar vil du inngå i tenesteleiar si leiargruppe.
Helsestasjonen har 11,54 årsverk fordelt på 15 tilsette. Vi har eigen helsestasjonslege i 50 % stilling, jordmorressurs 125 %, merkantil ressurs 100 % og resterande er helsesjukepleiarstillingar. Fysioterapeut er knytt til helsestasjon 0-5 år i 20 % stilling. Vi har eit nært samarbeid med andre som gir tenester til barn og unge. Kommunepsykolog har kontor på helsestasjonen og jobbar houvdsakleg mot barn og unge
Helsestasjonen har ansvar for svangerskapsomsorg v/jordmor, helsestasjon 0-5 år, skulehelseteneste, HFU, smittevern, gjennomføre nasjonalt vaksinasjonsprogram, helsekontroll av flyktningar.
Ørsta kommune er oppteken av tverrfagleg samhandling kring born og unge, og kommunen jobbar for å verte ein BTI-/BTSkommune gjennom prosjekt som skal sikre forankring og implementering. Helsestasjonen har ei viktig rolle i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Leiar for helsestasjonen med fag- og personalansvar
- Medansvar for økonomi
- Organisere og prioritere arbeidsoppgåvene
- Utvikle tenesteområdet
- Vere med på å utvikle det tverrfaglege samarbeidet kring barn og unge
- Deltaking i arbeidsoppgåver som ligg til helsestasjonen
Kvalifikasjonar
- Primært søkjer vi etter helsesjukepleiar, men andre med relevant kompetanse kan bli vurderte
- Leiarutdanning og leiarerfaring er ønskjeleg. Ved manglande formell kompetanse, vert det kravd at slik utdanning skal takast innan 3 år
- God digital kompetanse, og evne til å setje seg inn i ulike datasystem
- Meistre norsk godt både munnleg og skriftleg. Nynorsk skriftmål skal nyttast i all tenestekommunikasjon
- Førarkort klasse B. eventuelt at dette vert teke innan nærare avtalt tid
Det er krav om politiattest av nyare dato.
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker ein tydeleg og ivaretakande avdelingsleiar
- Du samarbeider godt med andre
- Du likar å jobbe i team, men kan også jobbe sjølvstendig
- Du ønsker å utvikle tenesta og medarbeidarane dine
- Du skaper gode relasjonar
- Du har god digital kompetanse
- Du ønsker å bidra i utvikling av tverrfagleg samarbeid for barn og unge
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Løn etter avtale
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Prøvetid 6 mnd. der fråver går til fråtrekk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Runa Bakke, Tenesteleiar, 91621147, runa.bakke@orsta.kommune.noArbeidsstad
Dalevegen 28A6153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4849465335
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.10.2024
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2746070
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2f60a9c9bf6d494a8274910eaa17c2c2