Sekretær
Org. nr: - Stillingsident: 4337452662 Presentasjon av stillingen:
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.
Vi har ledig vikariat i 50% stilling frå 01.03.2021 - t.o.m. 31.08.2021.
Ved intern tilsetting kan andre stillingsbrøkar/vikariat bli ledig.
På Medisinsk Poliklinikk, fysioterapi og kontor har vi litt over 8 årsverk innan merkantilt, fordelt på fleire dyktige medarbeidarar. Vi
har eit svært godt arbeidsmiljø, der vi er avhengig av og set stor pris på alle
våre tilsette. Arbeidet er variert og givande.
Medisinsk Poliklinikk
tilbyr tenester innanfor eit vidt medisinsk spekter med mange ulike fagområder,
og merkantilt personale samarbeider tett med både legar og sjukepleiarar innan
ulike fagområder.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV.
Arbeidsoppgåver
- Bemanning av skranker på medisinsk poliklinikk, medisinsk sengepost og kreftpoliklinikk
- Ventelisteadministrering
Kvalifikasjonar
- Personlege eigenskapar vektleggjast
- Kompetanse innan helsefag er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Positive haldningar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Engasjement og arbeidsglede
- Trivast med ein hektisk arbeidskvardag
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Suzanne Aschehoug, Seksjonsleiar, 70058297
Arbeidsstad
Kløvertunvegen
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4337452662
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 08.02.2021
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no