Sokneprest i Hardanger og Voss prosti, Øystese og Ålvik sokn
Velkomen som prest i fagre Hardanger!
Vi har ledig stilling som sokneprest i Hardanger og Voss prosti, med sokna Øystese og Ålvik som tenestestad. Kvam herad famner om eit vakkert landskap frå Hardangerfjorden til Kvamskogen. Heradet har om lag 8500 innbyggjarar, og 80% er medlemer. Informasjon om geografi, kultur, næringsliv og heradet i det heile finn ein på https://www.kvam.no/velkomen-til-kvam/.
Heradet har dei fire sokna Strandebarm, Vikøy, Øystese og Ålvik, alle med kvar sin kyrkje. Sokna samarbeider mellom anna gjennom fellesrådet og jamlege fellessamlingar.
Øystese sokn har per i dag 2.237 medlemmer. Øystese kyrkje er ei langkyrkje frå 1868 og har fem hundre sitjeplassar. Øystese sokn har sterke tradisjonar knytt til ytre- og indremisjon. Her er eit aktivt bedehusmiljø med eit variert barne- og ungdomsarbeid. Det er god oppslutnad om gudstenestene, trusopplæringa og kyrkjelege handlingar.
Ålvik sokn har 480 medlemmer. Ålvik kyrkje er ei langkyrkje frå 1962. Her er det og god oppslutnad om trusopplæringa og kyrkjelege handlingar. I 1905 starta metallindustribedriften Bjølvefossen A/S opp og vart hjørnesteinsbedrift for bygda.
I Kvam kyrkjelege fellesrådsområde er det to sokneprestar, kyrkjeverje, to kyrkjemusikarar, kateket, kyrkjelydspedagog, konfirmantmedarbeidar, sakshandsamar og kyrkjegardsarbeidarar. Det er ønskt å få diakonstilling. Dei tilsette har kontor i Norheimsund kyrkje. Soknepresten i Samnanger er involvert i tenesteveketurnusen.
Dei to sokneprestane i Kvam samarbeider om tenestene i fellesrådsområdet etter halvårige planar med gudstenester og tenesteveker, men har tyngda av gudstenester i sine eigne sokn.
Det er om lag 105 gudstenester, 75 gravferder, 25 vigslar, 75 konfirmantar og 60 dåp i året i Kvam. Sokneprestane sit i sine respektive sokneråd, og vekslar om å vere geistleg representant i fellesrådet. Kateketen har hovudansvaret for konfirmantundervisninga, men prestane tek del i sine sokn. Også ansvaret for andakter på institusjonane følgjer soknegrensene, med Øysteseheimen og Mikkjelsflaten i Øystese og arbeidsstova på den såkalla Pensjonisten i Ålvik.
Soknepresten går inn i eit breitt samansett fagleg team og deltek i stabsmøte, arbeidsmøte og planleggingsmøte. Øystese sokn og Ålvik sokn har noko ulikt preg og profil, men er samde om at ein ønskjer å satse på gudstenesteliv, trusopplæring, diakoni, kyrkjemusikk og varierte kulturuttrykk. Sjå elles: www.kyrkja.no/kvam.
Prosten leier prestetenesta i prostiet. Prestane vert kalla inn til jamlege samlingar for fagleg påfyll, åndeleg fellesskap og sosialt samvære. Heile prostiet er beredskapsområde.
Målforma er nynorsk.
Opplysningar om søkjarane kan verte offentleg sjølv om søkjarane ber om å bli unnatekne offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25.
Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest), jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Søknad med CV, vitnemål og referansar sendast elektronisk via WebCruiter.
Arbeidsoppgåver
- gudstenester og kyrkjelege handlingar
- konfirmatnundervisning
- trusopplæring
- beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja
Kvalifikasjonar
- cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
Personlege eigenskapar
- evne og vilje til samarbeid
- god gjennomføringsevne
- motiverande
Vi tilbyr
- stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
- pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
- reiseutgiftar godtgjort etter gjeldande regulativ
- til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
- arbeidsvegleiing (ABV)
Kontaktinformasjon
Arild Hellesøy, prost i Hardanger og Voss prosti, 906 99 533Cathrine Waaler Halstensen, personalsjef, 996 25 480
Arbeidsstad
Kyrkjevegen 405600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Den norske kirkeReferansenr.: 4637218158
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.04.2023