Barnehagelærar SFO Vigra skule 50 % vikariat - Giske kommune
Org. nr: 964 980 721 Stillingsident: 4080441625 Presentasjon av stillinga:
Vigra skule har ledig 50 % vikariat som barnehagelærar i SFO frå 11.08.2019 - 11.01.2020.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Leike, lære og utforske i lag med barn i alderern 5 ¿ 10 år, både ute og inne. I arbeidet med å realisere Framtidsskulen.Giske.no skal barnet si livsmeistring stå i fokus.
- Ta initiativ til og ansvar for ulike vaksenstyrte aktivitetar og støtte barn til godt samspel og leik
- Samarbeide tett og godt med barn, foresatte og kollegaer
- Gi tilpassa støtte til barn som treng det
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar. Personar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er også velkomne som søkjarar.
- God digital kompetanse
- Kompetanse i å leie barn i ulike aktivitetar ute og inne, og hjelpe barn til godt samspel med andre
- Søkjarar må snakke og skrive godt norsk.
Personlege Eigenskapar
- Fagleg og personleg tryggheit.
- Vilje til tett og konstruktivt samarbeid med elevar, kollegaer og foresatte om meistring, læring og trivsel for barn
- Evne til å skape gode relasjonar og tillit
- Evne til tydeleg kommunikasjon og grensesetting
- Evne til å arbeide forutsigbart og strukturert, motivere og gjennomføre
- Leiken, blid, engasjert og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Eit digitalt og framtidsretta læringsfellesskap som arbeider for å skape gode læringserfaringar for elevane i eit trygt og utforskande miljø.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Åse Elisabeth Skjerseth, einingsleiar/rektor, (+47) 98431522
Arbeidsstad
Vigra
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Giske kommune
Ref. nr.:4080441625
Stillingsbrøk: 50%
Fast
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 26.05.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4080441625&company_id=3032552376&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.