Lærar Lye ungdomsskule
Org. nr: - Stillingsident: 4302926945 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig 100 % vikariatstilling som lærar ved Lye ungdomsskule frå 01.02.21.
Arbeidsoppgåver
Jobben inneber å vera kontaktlærar på ungdomstrinnet og å undervisa i faga norsk og engelsk. Andre fag kan òg vera aktuelle.
Kvalifikasjonar
Allmennlærar, GLU 5-10. Utdanning i faga norsk og engelsk.
Godkjent politiattest kreves.
Personlege eigenskapar
Me ønsker lærarar som har god fagleg og pedagogisk kompetanse, og som ønsker å arbeida og utvikla seg i ein skule der samarbeid og kollegial utvikling står sentralt. Viktige personlege eigenskapar er gode evner til samarbeid, tålmod, kunne jobba sjølvstendig, vera fleksibel og god på relasjonar.
Du må ha eit stort engasjement for elevane.
Me tilbyr
Me tilbyr ein spennande jobb i eit godt og inkluderande miljø. Lye ungdomsskule har 20 tilsette, og 118 elevar med to klassar på kvart trinn. Skulen stod ferdig i 1996, og har alt på eitt plan. Me har sambruk med Lye skule om idrettshall og andre spesialrom. Skulen ligg flott til i Lyebygda rett ved idrettsanlegget.
Kontaktinformasjon
Monica Aga, rektor, 51778371
Arbeidssted
kvartsvegen 5a
4340 Bryne
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Time kommune
Referansenr.:4302926945
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2021
Sluttdato: 01.02.2022
Søknadsfrist: 08.11.2020
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.