Reinhalder 100% fast
Kvinnherad kommune Reinhald
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 30. januar
Eining for reinhald er ein del av sektor Teknikk og miljø, og har ansvar for reinhaldet på kommunale bygg. Eininga har kontor ved Husnes vassverk, men reinhaldsoperatørane utfører arbeidet sitt ute på dei ulike kommunale bygga.
Omtale av stillinga
No treng Eining for reinhald fleire reinhaldoperatørar og søkjer derfor etter ein ny reinhaldar til 100 % fast tilsetjing. Stillinga vil ikkje vere knytt til eit spesielt bygg, men må rekna med å utføra reinhaldstenester fleire plassar i kommunen. Den tilsette må pårekna å utføre tyngre periodiske oppgåver knytt til reinhald.
Vi søkjer person som har:
• fagbrev innan reinhald
• relevant praksis/ erfaring som etter vurdering kan kompensera for kravet om realkompetanse
• generell datakunnskap, kunna samhandla og nytta digitale flater som t.d. teams, e-post, og webbaserte system.
• gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
• evne til å vera fleksibel og serviceorientert
• høg arbeidskapasitet, arbeide nøyaktig og systematisk
• evne til å jobba sjølvstendig og i team
• sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Menn vert oppfordra til å søkja.
Vi tilbyr:
• Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
• Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
• Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
• Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
Søknad vert å senda :
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din. Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2833076
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3451603_226073_nn